Politiet arresterte eigaren og fann servalen – uvisst om dyret blir avliva

1 week ago 4


Eit dyr som mange trudde var ein leopard, vart rikskjendis i fjor sommar. Eigaren av det ulovlege kjæledyret gjekk under jorda, men etter eitt år arresterte politiet henne tysdag morgon.

– Ho blei pågripen i 5–6-tida i dag tidleg i Haugesund-området, seier advokaten hennar, Roy André Håkonsen Arteid, til VG.

Sidan sommaren 2023 har kvinna levd i skjul – i frykt for å miste det afrikanske kjæledyret sitt.

Då blei det eksotiske kattedyret observert gatelangs i Os utanfor Bergen. Naudetatane fekk mange telefonar om dyret, og folk blei bedne om å halde avstand.

Kattedyret viste seg å vere ein serval. Det afrikanske kattedyret er forbode å ha som husdyr i Noreg.

Miljødirektoratet melde kvinna til politiet, og uttalte at dyret truleg ville bli avliva. Eigaren blei sikta både for å ha dyret som husdyr og for å innføre dyret til Noreg.

Miljødirektoratet avviste i fjor haust eit forslag om å omplassere servalen til Sør-Afrika.

Har erkjent straffskuld

Medan ho var på rømmen, har kvinna på telefon til politiet erkjent straffskuld. Ho blei lauslaten av politiet i ettermiddag. Då hadde dei i løpet av dagen funne og tatt beslag i servalen.

Ifølge Arteid blei kvinna i dag halde på glattcelle til i 14-tida. Til BT seier han at ho ikkje ønskte å bidra med informasjon som kunne gjere at Niño blei funnen.

– Ho er ein lovlydig borgar med unntak av at ho har halde denne katten, seier forsvararen.

Politiet fann likevel servalen i eit hus i same område som der kvinna blei pågripen i bilen sin. Det er ikkje kjent om det er der kvinna har halde seg skjult.

Servalen blir nå tatt hand om av Mattilsynet.

Stort kattedyr av typen serval

Det folk trudde var ein leopard skapte mykje oppstyr og vart rikskjendis då den vart observert gatelangs åleine i Os i fjor sommar.

Foto: STEFFEN LJOSHEIM

Kjempar mot avliving

I kveld er servalen framleis i live, opplyser politiadvokat André Jakobsen i Vest politidistrikt. Han seier saka vil bli behandla i løpet av veka.

– Vi gjer eit vedtak som Mattilsynet stadfestar. Det blir dei som avgjer kva som skjer vidare, seier han til VG.

Kattedyret er nå varetatt av Mattilsynet, som ikkje ønsker å kommentere saka.

Arteid seier han jobbar med ulike instansar for å forhindre avliving.

Kvinna blei intervjua av VG i fjor og fortalde om korleis ho hadde sagt opp jobben, flytta frå venner og familie og ikkje torde å bruke mobiltelefon i frykt for å bli spora elektronisk.

Dyrevernar: – Ikkje straff dyret

Dyrevernorganisasjonen Noah meiner eigarar av ulovlege kjæledyr bør bli straffa.

– Å halde eksotiske dyr som kjæledyr bør vere forbode både av omsyn til dyrevelferd og vern av artar. Dei som ulovleg har sett dyr i ein slik situasjon, bør få straff. Men avliving av dyret er slett ikkje forsvarleg – det blir å straffe offeret, altså dyret, seier Noah-leiar Siri Martinsen.

Det var hennar organisasjon som føreslo omplassering i Sør-Afrika.

– Noah har fleire gonger kontakta Miljødirektoratet for å få løyve til å tilby ei løysing der Niño kan leve vidare med god dyrevelferd i eit artstilpassa miljø. Vi har hittil berre blitt avviste, seier Martinsen.

NTB har i dag kontakta Miljødirektoratet, men har ikkje lukkast i å få ein kommentar.

Publisert 24.09.2024, kl. 19.52 Oppdatert 24.09.2024, kl. 19.58

Read Entire Article