Personsøkjar-angrepet: PST opprettar sak

2 weeks ago 8


– PST har oppretta ei sak for å avklare om det er utført straffbare handlingar på bakgrunn av påstandane i media om at eit norskeigd firma kan ha vore involvert i formidling av personsøkjarar til Hizbollah, seier politiadvokat i PST, Haris Hrenovica til NTB.

NRK kunne måndag melde at nordmannen som er knytt til personsøkjarane som eksploderte i Libanon førre veke, framleis ikkje var tilbake på jobb ifølgje arbeidsgjevaren hans.

No seier hans arbeidsgjevar at dei skal ha eit møte med politiet for å melde han sakna.

– Vi skal diskutere kva ei saknamelding utløyser av tiltak frå politiets side.

Arbeidsgjevaren vil ikkje seie meir før møtet har funne stad.

Ifølgje arbeidsgjevaren har dei vore i kontakt med politiet kvar dag for å diskutere situasjonen.

– Vi synest jo det er ubehageleg at vi ikkje har høyrt frå han, og at han ikkje har komme tilbake på jobb som han skulle i går. Med tanke på alle påstandane i media rundt omkring om kva han kan ha vore med på.

Oslo politidistrikt seier til NRK at dei ikkje opna etterforsking i saka.

– Politiet jobbar kontinuerleg for å vurdere risiko og tiltak for involverte personar. Ut over dette har vi ikkje informasjon i saka å gå ut med, seier Unni Grøndal, pressesjef i Oslo politidistrikt.

Familien i landet han er født har heller ikkje høyrt frå mannen, ifølgje lokale medium.

Dette har skjedd

Nordmannen vart namngitt som eigar av eit selskap i Bulgaria som skal ha selt person­søkjarar til Hizbollah.

Han var ifølgje arbeidsgjevaren på et kurs i USA førre veke. Måndag skulle han vore tilbake på jobb.

VG skreiv at mannen kom til USA førre veke, men henta aldri namneskilt eller registrerte seg til konferansen.

Arbeidsgjevaren har ikkje vore i kontakt med mannen sidan onsdag førre veke.

Måndag ville ikkje korkje UD eller PST kommentere saka.

Det var tysdag førre veke at fleire personsøkjarar eksploderte i Libanon og Syria.

Ein personsøkjar er eit enkelt apparat samanlikna med smarttelefonar. Dei fungerer med radioteknologi og er vanskelegare å spore for utanforståande.

Desse har Hizbollah nytta til å kommunisere med kvarandre.

Ifølgje Amnesty International har minst 37 menneske vorte drepne og omlag 3000 skadde.

Hizbollah har skulda på Israel. Desse skuldingane har ikkje Israel svart på.

Sjå steg for steg korleis åtaket skal ha vore planlagt og skjedd:

Et selskap i Ungarn utga seg for å produsere personsøkere, som Hizbollah skal ha bestilt 5000 av.

Det de ikke visste, var at Israel sto bak selskapet. I personsøkerne gjemte de sprengstoff og sendte det til Libanon.

Hizbollah visste fortsatt ingenting om Israels innblanding og tok i bruk utstyret.

Sekunder etter at Israel trykket på knappen, eksploderte det i hele Libanon. Flere ble drept og veldig mange ble skadd, både voksne og barn.

Kilde: Anonyme kilder til New York Times (NYT) og undersøkelser gjort av BBC Verify. Israel har nektet for at de sto bak angrepet.

Publisert 24.09.2024, kl. 12.21 Oppdatert 24.09.2024, kl. 12.24

Read Entire Article