Penge-influencarar skader samfunnet vårt

4 months ago 30


Det er ikkje noko gale i å ønske seg eit meir komfortabelt liv. Men frykta for å jobbe må vi få bukt med.

OPPFORDRAR TIL Å TENE PENGAR PÅ NYE MÅTAR: «Med skarp og tydeleg kommunikasjon spreier pengeinfluencarane eit knallhardt bodskap. Alle som står i ein vanleg jobb kastar bort livet sitt, får ingenting igjen og er dumme», skriv Simen Bondevik. Foto: TikTok
fredag 12. juli kl. 15:10

Dette leserinnlegget ble først publisert hos Framtida. VG har fått tillatelse til å publisere teksten hos oss.

Bilde av SIMEN BONDEVIKSIMEN BONDEVIK

Sentralstyremedlem, Partiet Sentrum

Hva er en økonomisk influencer?

  1. Økonomiske influencere er personer på sosiale medier som gir råd om penger og investeringer til et stort publikum på nett.
  2. Deres mål er å gjøre økonomisk kunnskap mer tilgjengelig og motivere folk til å spare og investere.
  3. De når ofte ut til unge menn, som er opptatt av økonomi og investering.
  4. Mange av disse influencerne satser på bitcoin og andre kryptovalutaer.
  5. Flere har fått kritikk om at rådene deres er uinformerte eller risikable, noe som kan føre til at folk i verste fall taper penger.
  6. Flere av influencerne har ikke formell økonomisk utdanning og gir råd basert på egen erfaring.
  7. Dette kan føre til at følgerne deres tar dårlige økonomiske beslutninger basert på ufullstendige eller misvisende råd.

«Slik kan du sleppe fri frå rotteracet», «Eg har oppskrifta på korleis du kan få økonomisk fridom og slutte i jobben din» og «Dropp åtte til fire-jobben og ten pengar frå mobilen».

Videoane frå penge-influencarar fyller opp feeden min på TikTok. Og dei får fleire unge menneske med seg. Det synest eg er skikkeleg skummelt.

Internasjonalt har dette blitt ein stor trend. Det florerer av økonomiske influencerar som gir råd, særleg retta mot unge gutar, om korleis dei kan bli rike.

Humphrey Yang, Mason Versluis, Roger Ver og Chris Dixon er blant dei som flittig gir råd.

Adib Waez, også kjent som Mr. Dubai, har vore ein av fleire TikTok-influencarar som har løfta fram og profilert eit slikt tankesett.

I ein video uttaler Waez for eksempel at vanlege arbeidstakarar, som jobbar i klassiske åtte til fire-jobbar, ikkje er noko anna enn slavar i eit system som berre gir fem vekers ferie tilbake i retur for innsatsen. Med skarp og tydeleg kommunikasjon spreier Waez og hans likesinna eit knallhardt bodskap.

Alle som står i ein vanleg jobb kastar bort livet sitt, får ingenting igjen og er dumme.

SATSER PÅ BITCOIN: Adib Waez kom til Noreg som flyktning frå Syria. No er han i Dubai for å spekulere i Bitcoin. Her saman med Sebastian «Baris» Brevik som besøkte han i Dubai i fjor. Foto: Janne Møller-Hansen / VG

Skal vi tru kommentarfelta får bodskapen god respons, spesielt hos gutar i midten av tenåra. Eg trur det er øydeleggjande for samfunnet vårt. Når dette tankesettet får feste seg i stadig større delar av vår unge befolkning, kan det få store negative ringverknader.

Det dei tilbyr og sel er eit luftslott, som rakkar ned på alle dei som vil bidra til samfunnet gjennom faktisk arbeid.

Noreg manglar tusenvis av sjukepleiarar, lærarar, butikkmedarbeidarar og andre viktige yrkesgrupper. Berre innanfor helse- og omsorgssektoren manglar det 13.000 arbeidstakarar.

Då er det provoserande å sjå desse videoane frå mikroinfluencarar, som freistar med god betaling for lite arbeid som kan utførast heime i sofaen frå eigen mobil.

La meg setje det på spissen: Om alle hadde sete heime i sin eigen sofa, investert i aksjar på mobilen og selt sjølvhjelpskurs slik dei gjer og oppfordrar andre til, så hadde ikkje samfunnet gått rundt.

Vi hadde ikkje hatt helsearbeidarar som kan ta vare på bestemor på sjukeheimen, lærarar som kan gi borna våre ein trygg oppvekst eller legar som reddar liv som står i fare.

Hva tenker du?Kunne du fulgt råda til ein pengeinfluensar?aJa, ein lærer jo ein del nytt.bVeit ikkje heilt, utelukkar ingenting.cNei, eg stolar ikkje på dei.

Denne erkjenninga kjem aldri desse penge-influencarane med. Dei undergrev viktigheita av «vanlege» jobbar, og gjer at mange unge menneske blir lurte ut av det ordinære arbeidslivet i søken etter meir luksus og høgare løn for lågare arbeidsinnsats.

Eg kan forstå kor freistande den påståtte økonomiske fridomen kan verke.

Men med dette sterke individualistiske fokuset på å tene lettvinte pengar og jobbe så lite som mogleg, trur eg vi står i fare for å miste noko av det viktigaste vi har i samfunnet vårt: samhald, fellesskap og tanken om at vi alle bidreg inn i samfunnet med det vi kan og har moglegheit til.

Det er ikkje noko gale i å ønske seg eit meir komfortabelt liv. Men frykta for å jobbe må vi få bukt med.

Kva kan vi eigentleg gjere for å stoppe denne trenden?

Eg trur dei av oss som høyrer til mi generasjon har ein stor jobb å gjere med å løfte fram fellesskapsverdiane. Vi må verdsette hardt arbeid og understreke viktigheita av å bidra til samfunnet.

Kanskje leitinga etter lettvinte løysingar også er eit uttrykk for manglande framtidstru? Influencarar må uansett ansvarleggjerast for haldningane dei spreier.

Politikarane må også melde seg på denne debatten. Dette handlar om kva slags samfunn vi ønskjer oss dei neste tiåra.

Både gjennom ord og handling må hardt arbeid i «ordinære stillingar» verdsetjast og lønnast.

Retninga mikroinfluencarane peikar ut for samfunnet vårt må stoppast før det er for seint.

Unge menneske må få tydelege motførestellingar i møte med spinnville illusjonar om at ein ikkje må jobbe for løna si.

Les også

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article