Over 20 varmegrader i førre veke – no kjem snøen

1 week ago 6


Indre delar av Troms vakna tysdag til full vinter. På Finnmarksvidda var det sludd.

I tillegg til vind opp mot stiv eller sterk kuling langs vestlandskysten, byr dei neste dagane på ein smak av vinter for delar av Sør-Noreg.

– Det vil nok kome fem til 15 centimeter, så det vil bli kvitt ganske mange stadar på fjellet. Spesielt i høgfjellet, seier statsmeteorolog Magnus Haukeland.

– Trygge og rette val

Det betyr at spesielt vegfarande over fjellovergangane risikerer å møte kvit nedbør. Det gjeld på dei fleste trafikkerte overgangane.

Med andre ord bør dekkutrustinga vurderast opp mot føre. Og om naudsynt bør dei sommardekk bytast til vinterdekk.I Nordland,

Troms og Finnmark kan ein bruke piggdekk frå 16.oktober. I resten av landet er datoen 1. november.

E8 Bossovarri

På grenseovergangen mellom Finland og Noreg ved Kilpisjärvi hadde snøen lagt seg tysdag morgon.

Foto: Statens vegvesen

– Sjølv om kulden ikkje har lagt seg i bakken kan det legger seg slaps i vegen og skape dårleg feste, seier trafikkoperatør Kjetil Hodnekvam ved Vegtrafikksentralen i Bergen. Han legg til:

– Ver påpasseleg på vêr og føre, og ta dei trygge og rette vala.

Frå 20 pluss til snøvarsel

Vêromslaget etter over 20 varmegrader i førre veke, gjer at meteorologane sender ut farevarsel på gult nivå for fjellovergangane i Sør-Noreg.

For regnet som er venta i låglandet over det meste av landsdelen, vil komme som snø i høgda. Varselet gjeld frå onsdag morgon til torsdag føremiddag.

Gult farevarsel for snø for delar av Sør-Noreg.

Det er venta snø på fjellovergangane utover veka og inn i helga.

Grafikk: Meteorologisk institutt

– Først i Møre og Romsdal, så det same lenger sør på Vestlandet og delar av det nordvestlege Austlandet. Det kan bli snø ned mot 800 meter på fjellovergangane og det kan føre til litt trøbbel, seier Haukeland.

Lågare snøgrense mot helga

For dei som ynskjer ein lengre haust, er det nok dårleg nytt at vêrsituasjon ser ut til å halde seg, eller for enkelte forverre seg, utover veka.

Magnus Haukeland

Foto: Therese Pisani / NRK

– Etter fronten på torsdag, går det over til meir bygevêr, men det er framleis ganske låg snøgrense, seier Haukeland og legg til:

– Den ser ut til å gå endå lenger ned inn i helga på fleire fjellovergangar.

Det er nok ikkje noko stor sensasjon at snøgrensa krabbar nedover i slutten av oktober. Men det er det endelege teiknet på at sommar er blitt til haust, og at vinteren er i ferd med å feste grep.

– Ein kan håpe på ein «Indian Summer» i oktober, men det blir nok berre forbipasserande, seier Haukeland.

Publisert 24.09.2024, kl. 18.04

Read Entire Article