Orban er truleg ein av EU sine mest prorussiske leiarar.
Han er ein av få vestlege leiarar som har møtt Russlands president Vladimir Putin sidan krigen starta.
Putin seier at han vil høyra Orbans syn på Ukraina, og at Orban skal forklara ståstaden til andre europeiske land.
Vidare seier han at han er klar for å «diskutera nyansar om Ukraina» med Orban.
– Ikkje mandat til å engasjera seg i Russland
Orbans Putin-flørt er ekstra betent for EU ettersom Orban tek over som leiaren for formannskapet i EUs ministerråd, eit verv som går på rundgang.
– Orban har ikkje mandat til å engasjera seg i Russland på vegner av EU, tvitra ein sint EU-president Charles Michel onsdag kveld då rykta om turen byrja å løpa.
Den såkalla «fredsturen» som skjer berre dagar før startskotet for Nato-toppmøtet i Washington går, får også hard kritikk av andre EU-toppar.
Orban forsvarar på si side at ein ikkje kan frå fred frå «ein lenestol i Brussel».
Også Natos generalsekretær Jens Stoltenberg har reagert på Orbans besøk i Moskva.
– Orban reiser i eigenskap av Ungarns statsminister og vil ikkje representera Nato, der Ungarn er medlem, sa Stoltenberg.
Besøkte Kyiv
Tysdag var Orban i Ukraina for samtalar med VolodomVolodymyr Zelenskyj var første gongen at Orban var i Ukraina etter den russiske invasjonen.
Dei to leiarane skal ha diskutert fred og samarbeidsavtalar mellom Ungarn og Ukraina.
På ein pressekonferanse etter Kyiv-besøket sa Victor Viktor Orban hadde bede president Volodymyr Zelenskyj om å vurdera ei våpenkvile før fredsforhandlingar.
– Ei våpenkvile kan få fart på samtalane med Russland, sa han.
– Ukraina og Ungarn prøver no å leggja tidlegare usemje bak seg og fokusera på framtida, la han ti.
Zelenskyj sa til ungarske kollega at Europa «burde halde fram med militærstøtte til Ukraina». Orban har vore kritisk til at Vesten sender slik støtte.
Fram til tysdag var Orban ein av få som ikkje hadde besøkt Ukraina sidan krigen starta.
Av EU sine 27 statsleiarar, er Orban den einaste som fekk ei nyttårshelsing frå Putin på tampen av 2023.
Publisert 05.07.2024, kl. 14.24 Oppdatert 05.07.2024, kl. 14.25