Opplysningar til NRK: Høiby har forklart at det ikkje var han som fjerna SIM-kortet

2 weeks ago 7


Då Marius Borg Høiby blei arrestert av politiet klokka 16.10 søndag 4. august, tok politiet også beslag i mobiltelefonen hans.

Telefonen mangla SIM-kort og var delvis øydelagt, ifølgje NRKs opplysningar. VG har også omtalt dette.

Etter det NRK får opplyst, har Høiby forklart at SIM-kortet stod i telefonen hans tidlegare same dag, men at han ikkje veit kven som tok det ut av telefonen eller kor det er no.

Mette-Marit blei varsla om mogleg arrestasjon av eigen son

I førre veike kom det fram at Mette-Marit fekk vite om den moglege arrestasjonen av sonen før det skjedde, og at ho reiste bort til han før arrestasjonen.

Klokka 15.37 var politiet i kontakt med Høiby, ifølgje politiets oppdragslogg som NRK har fått innsyn i.

33 minutt seinare møtte dei han på Jansløkka skole i Asker, rett nedanfor Skaugum – der både han og kronprinsfamilien bur. Ved skulen arresterte politiet Høiby og beslagla mobiltelefonen hans.

Skal ha rydda huset medan Høiby var i dusjen

Kronprinsessa rydda i huset til sona før arrestasjonen, skreiv VG førre veike. Dette har også NRK fått stadfesta.

I tida før arrestasjonen ved Jansløkka skole, skal kronprinsesse Mette-Marit ha komme inn i bustaden til sonen på Skaugum.

Etter det NRK får opplyst, skal han ha forklart at mora begynte å rydde huset mens han stod i dusjen. Orsaka skal ha vore at det var svært rotete der inne, får NRK opplyst.

Skaugum

Marius Borg Høiby er Folkeregistrert i det raude huset nede til høgre i biletet. Til venstre i biletet ser ein huset som kronprinsparet bur i.

Foto: NTB

NRK har vore i kontakt med forsvarar Øyvind Bratlien, men han ønskjer ikkje å kommentere saka.

NRK har stilt fleire spørsmål til Slottet. Dei viser til uttalen dei kom med fredag:

Publisert 05.11.2024, kl. 06.43

Read Entire Article