Opplevde orkanen «Helene»: – Ganske heftig

1 week ago 9


Gjertrud Forgard frå Åseral opplevde orkanen «Helene» som har herja i den sørlege delen av USA.

Orkanen er ein av dei kraftigaste som har råka USA.

– Det var ganske sterk vind og opp mot hundre kilometer i timen i kasta. Det var ganske heftig, men det gjekk veldig greitt, seier ho til NRK.

Orkanen førte til at seks delstatar har erklært unntakstilstand. Forgard hadde ikkje vore ute av hus då NRK tok kontakt. Ho har halde seg innandørs etter klart råd frå styresmaktene.

– Det står eit eiketre utanfor huset med to-tre kraftige greiner, som har knekt av. Elles er det ingen skader eg kan sjå. Men eg har ikkje vore ute sidan i går, så eg har ikkje heilt oversikt, seier ho.

– Var du redd på noko tidspunkt?

– Nei, eigentleg ikkje. Det var ok, seier ho.

Read Entire Article