Omstridd aktivist arrestert på Grønland

4 months ago 25


Sundag vart Watson pågripen på den arktiske øya, då skipet hans la til kai i hovudstaden, Nuuk, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Årsaka til arrestasjonen, er at han er internasjonalt etterlyst av Japan. No står han overfor mogleg utlevering til japanarane.

Kanadiaren er ein av grunnleggarane av Sea Shepherd og Captain Paul Watson Foundation (CPWF), som er amerikanske miljøorganisasjonar.

Ifølgje eiga nettside forsvarar CPWF livet i havet gjennom det organisasjonen kallar for aggressiv ikkjevald.

Dei skriv òg at dei aksjonerer mot ulovlege verksemder som utnyttar livet i havet.

– Arrestordren frå Japan er ulovleg

Japan har sendt eit nytt skip til det nordlege Stillehavet.

Skipet som vert kalla for Kangei Maru, veg 9300 tonn og kan frakte opp ein kval som på opptil 70 tonn om gangen.

Det var dette skipet Watson var på veg til å stoppe då han vart arrester, det har organisasjonen hans sjølv stadfesta.

Politiet på Grønland opplyser at kanadiaren kjem til å sitje i varetekt fram til 15. august.

Denne avgjerda har Watson og CPWF anka til Høgsterett.

– Arrestordren frå Japan er ulovleg. Den bryt med alle internasjonale traktatar om menneskerettar, seier ein av advokatane til Watson, François Zimeray.

Eit stor skip, som vert brukt til kvalfangst.

Watson var på veg til å stoppe dette 9300 tunge, japanske skipet.

Foto: YUICHI YAMAZAKI / AFP

Zimeray la til:

– Ved å utlevere Watson, vil Danmark «bryte si eiga grunnlov og den europeiske menneskerettskonvensjonen».

No skal det danske justisdepartementet avgjere om Watson vert utlevert til Japan. Fram til då skal han sitje i varetekt.

CPWF seier at Watson risikerer ein dom på 15 år i fengsel, viss han vert utlevert til Japan. Dei meiner at arrestasjonen er politisk motivert.

Japanske styresmakter har ikkje kommentert saka, men seier til AFP at dei er kjent med arrestasjonen.

Omstridd kvalfangstmotstandar

Watson har i fleire tiår kjempa mot kvalfangst, særleg i Japan, men òg i Noreg og Island.

Dei tre landa er dei einaste i verda som driv med kommersiell kvalfangst.

Aktivisten er mest kjent for direkte konfrontasjonar med kvalfangstskip. Fleire styresmakter har klassifisert han som ein øko-terrorist.

Japan har tidlegare skulda organisasjonen til Watson, for å vere utstyrt med vasskanonar, stinkbomber og forsterka tau. Desse kastar dei om bord i skipa til «fienden» under aksjonar.

Tauet vert brukt til å vikle inn i propellane på fangstskipa.

I 1997 vart han dømt i Noreg for forsøk på å søkkje eit skip i Lofoten.

Kvalfangstmotstandaren har vore med i reality-serien «Whale Wars». Watson var òg ein av grunnleggjarane av Greenpeace.

Han har vore etterlyst av Japan sidan 2012. han er Interpol har uttala at Watson er etterlyst av Japan for å ha forsaka skade på skip og menneske ved to hendingar mot eit japansk kvalfangstskip.

I 2023 var det 9 fartøy som fanga kval i Noreg. Fangsten var på 507 dyr, er ein liten nedgang frå året før.

Publisert 22.07.2024, kl. 23.01

Read Entire Article