– Eg hugsar ikkje meir etter at eg sette meg på dette apparatet, fortel Ole Sandvik.
Han er tilbake i gode treningsrutinar, men det kunne gått mykje verre.
Fredag 23. februar var han på Boost treningssenter i Haugesund. Som vanleg varma han opp på tredemølla, før han gjekk bort til første post i styrkeprogrammet.
Så blei det svart.
– Heldigvis var det to sjukepleiarar som trente og forstod at det var ei akutt situasjon. Dei starta førstehjelp, fortel han.
Snarrådige med-mosjonistar og hjartestartaren redda livet til Ole.
Samstundes viser tal frå Hjartestansregisteret at berre ein av ti overlev hjartestans utanfor sjukehus.
Ein alvorleg sjukdom
I 2022 blei 3881 personar med hjartestans forsøkt gjenoppliva utanfor sjukehus. 434 av desse levde 30 dagar seinare, viser tal frå Hjartestansregisteret.
– Det er ein veldig alvorleg sjukdom. Hjarta har slutta å slå og ein har veldig kort tid på seg før hjernen og det som eigentleg er personen, ikkje lenger kan gjenopplivast. Eg er eigentleg mest imponert over at vi kvart år har meir enn 400 personar som overlever det, seier Jo Kramer-Johansen.
Han er fagansvarleg i Norsk hjertestansregister og dagleg leiar for Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS).
Tala for 2023 kjem i midten av juni, men desse er forbausande like frå år til år, ifølge Kramer-Johansen.
Han meiner Ole Sandvik var heldig og uheldig.
– Dei fleste som får hjartestans er eldre og dei får det heime. Å få hjartestans som lyn frå klår himmel er veldig sjeldan. Og då han først skulle få det var han heldig fordi nokon såg kva som skjedde og ønskte å hjelpe, seier han.
Usikre på hjartestartar
Men ikkje alle føler seg trygge på kva dei skal gjere.
Ei undersøking Respons Analyse gjorde for Røde Kors i mars, viste at berre halvparten veit korleis dei skal bruke ein hjartestartar.
Kvinner er i større grad enn menn usikre.
– Det er urovekkande lågt, seier seniorrådgjevar for førstehjelp i Røde Kors, Einar Irjan Ananiassen.
Han oppfordrar alle til å gjere seg kjent med hjartestartarar.
– Dei er ikkje vanskelege å bruke, seier han.
Undersøkinga viser og at 6 av 10 kjenner seg trygge på å gi førstehjelp og at folk har ei aukande kjennskap til symptom på hjerneslag og hjarteinfarkt.
Her skåra kvinnene høgare enn mennene.
Ananiassen meiner det aller viktigaste er at ein gjer noko.
– Førstehjelp er i nokre tilfelle avgjerande. Og det er betre å gi 15–20 prosent korrekt førstehjelp enn å ikkje gjere noko, seier han.
Vakna etter to dagar
Ole Sandvik vakna ikkje før to dagar etter at hjarta stansa. Han er glad dei som trente samtidig med han visste kva dei skulle gjere.
– For meg var det heilt avgjerande for at eg kunne fortsette livet som før.
I dag er tilbake i full jobb og trener to gonger i veka på treningssenteret som før.
- Visste du at førstehjelp også kan også vere avgjerande for om hunden overlever
Hei!
Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost!
Publisert 10.05.2024, kl. 12.02