På ein pressekonferanse i Paris, torsdag føremiddag, annonserte den tidlegare storløparen at dei er i diskusjonar med fleire aktørar om eit nytt prosjekt.
Samtalane strekker seg nokre månader tilbake i tid. Nåo kjem han med avsløringa som vekker oppsikt.
Han vil få terrengløp på OL-programmet. Vinterstid.
Coe håpar å sjå nokre av dei største stjernene i sommar under OL i Dei franske Alpane i 2030 og Salt Lake City i 2034.
– Eg har alltid ønskt å sjå meir terrengløp. Historisk og tradisjonelt er det ein vintersport. Det gir Afrika eit høve til å ha seriøs deltaking til vinterleikane, seier Coe.
Terrengløp var sist på OL-programmet i 1924, men då sommarstid.
– Det er mykje velvilje
Det afrikanske kontinentet har ingen medaljar i vinterleikane, men har til gjengjeld gjort det stort på sommarstid med over 400 medaljar totalt. Uganda, Kenya og Etiopia stakk av med medaljane i seniorløpa under årets VM i Beograd.
Nåo er tanken er at terrengløp og sykkelkross, ei form for terrengsykling, skal kunne dele løyper og få ein plass på programmet med langrenn, alpint og skiskyting.
– Vi må sjå nærare på vegen vidare, men det er mykje velvilje å spore, seier Coe, som avslører at han allereie har ført samtalar med organisasjonskomiteen av 2034-leikane i USA.
«Har de plass til oss, trur du?»
NRKs sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, var til stades under annonseringa. På tampen var den mektige briten bortom:
– Da Coe såg meg som nordmann etter pressekonferansen, kom han bort og sa fleipande «Har de plass til oss, trur du?», seier Saltvedt.
Referansen handlar naturlegvis om den norske dominansen vinterstid.
– Dette er noko han har tenkt lenge og godt på. Og han fortalde også at han har diskutert dette med den internasjonale sykkelpresidenten, franske David Lappartient, og at dei står saman om å fremje dette. Det gjer det enda meir realistisk.
Kommentatoren påpeikar at dette er ei vinnarsak for Den internasjonale olympiske komiteen òg. Dei får inn to øvingar med kjente utøvarar, og dessutan at det bidrar til å fornye leikane på ein konkret og kreativ måte.
– Dei får to sportar til prisen av ein, i tillegg til det marknadspotensialet i form av interessa frå eit afrikansk kontinent som til no ikkje har hatt ein einaste grunn til å bry seg, seier Saltvedt, som til slutt legg til:
– Coe avslutta elles samtalen med NRK med å snu seg bort og forklare medarbeidarane sine «these people only wake up when the lights go out», så vi får ta denne interessa som noko av eit kompliment.
Nordmennene positive: – Interessant
Jakob Ingebrigtsen er europameister fire gonger som junior og to gonger som senior i terrengløp. Han stiller seg positiv til forslaget.
– Interessant tanke. Eg er spent på å sjå om det blir noko av. Eg er i utgangspunktet glad i terrengløp, så viss det er eit opplegg eller er eit tidspunkt som passar meg bra, så hadde kanskje det vore interessant, seier Ingebrigtsen til NRK.
OL-klare Narve Gilje Nordås reagerte slik, da NRK presenterte nyheita:
– Det høyrest fantastisk ut. Eg er med, ikkje tvil om det eingong!
PS! Før det blir aktuelt å delta i ein vintermeisterskap for nokre av utøvarane skal det også springast OL i Los Angeles i 2028. Når ein kjem til dei olympiske leikane i 2030, vil Ingebrigtsen og Nordås vere høvesvis 29 og 31 år.
Publisert 02.08.2024, kl. 05.48