Nye Vegar vil bygge firefelts motorveg: – Aldri vore noko anna alternativ

3 months ago 27


I september i fjor endra regjeringa den såkalla vegnormalen.

Ønsket var tydeleg; Vegane må byggast smalare for å spare natur og miljø – og få meir for pengane.

Men Vegselskapet Nye Vegar lèt seg ikkje påverke av signala frå regjeringa.

Dei vil gi køtrøytte bilistar det dei ønsker seg aller mest.

Kø på nye stader

Køane på E18 har flytta seg. På hovudvegen mellom Oslo og Kristiansand stod køen tidlegare tett gjennom Bamble i Telemark.

Der flyt trafikken no på ny firefelts motorveg.

Nå sit bilistar og ventar med bilen på tomgang der det er to felt gjennom Porsgrunn. I sommar har det også til tider vore kø frå Brokelandsheia og nordover.

Kø i Porsgrunn

I rushtidene er det ofte lange køar ved Langangen i Porsgrunn.

Foto: Tipser

I køane drøymer bilistane om å køyre køfritt mellom Oslo og Kristiansand.

– Ser framover, ikkje bakover

Nye vegar vil likevel bygge firefelts motorveg på heile E18 mellom Langangen og Grimstad.

– Eg synest det er fantastisk bra. Det betyr at Nye Vegar ser framover, og ikkje bakover, seier Bård Hoksrud frå Framstegspartiet.

Regjeringa har opna for at delar av strekninga frå Kragerø til Tvedestrand kan byggast med to- eller trefeltsveg, fordi det passerer mindre enn 15.000 bilar i døgnet der.

Samferdselspolitisk talsperson for SV Mona Fagerås seier at Nye Vegar bør instruerast til å bygge smalare E18 der det er mogleg.

Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson SV

Mona Fagerås, medlem av transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget for SV.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ho seier at SV var fornøgde med at regjeringa endra vegnormalane i den retninga, og tenker at det er normalt at vegselskapet forheld seg til dei nye vegnormalane.

– Vi skal hugse på at transportsektoren står for om lag 30 prosent av alle klimagassutsleppa i Noreg, og desse skal ned. Da må vi bygge framtida, sånn at det blir lettare å vere kollektiv og bane.

Ho meiner at ved å bygge firefelts, blir det lettare å velje privatbil som framkomstmiddel.

– Vi veit at det fører til klimagassutslepp og nedbygging av matjord og sårbar natur.

Ein skikkeleg veg

Hoksrud på si side meiner det handlar om å bygge ein skikkeleg veg mellom Oslo og Kristiansand.

Da må det gjerast ordentleg heile vegen, meiner han og er redd for at ein ikkje tek høgde for trafikkveksten i planlegginga fram i tid.

– Eg håpar vi skal bygge vegen éin gong. Ikkje sånn som vi har gjort nå.

Bård Hoksrud smiler og står ved en motorvei

Bård Hoksrud, stortingsrepresentant for Frp i Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

I 1996 ble Grenlandsbrua åpnet på E18 med to felt. Vegvesenet trodde det ville holde i mange år.

– Breiare vegar øydelegg meir natur, men natur har vi nok av, eller?

– Det vi ser nå er at bygger vi dumt og dårleg, så må vi bruke meir areal. Viss ein hadde gjort det ordentleg med ein gong, så hadde ein brukt mykje mindre areal. Det ville vore mykje meir effektivt og vi hadde hatt ein veg som hadde kosta mykje mindre og som ville tatt mykje mindre naturinngrep, seier Hoksrud.

– Aldri vore noko alternativ

Ingen i Nye Vegar kunne stille til intervju med NRK om denne saka i sommarferien.

I ein e-post til NRK skriv dei at fire felt er den rette og langsiktige løysinga for E18 mellom Langangen og Grimstad.

I planlegginga og utgreiinga vår har det aldri vore noko anna alternativ enn fire felt for denne viktige vegen gjennom sørlege delar av Noreg, skriv Geir Gjervan, kommunikasjonsrådgivar i Nye Vegar.

Vi har aldri snakka om to eller tre-felt som ei løysing for E18. Det er mange år til vi kan starte bygging på delar av E18, men når vi startar bygging så er det med fire felt, legg han til.

Publisert 06.08.2024, kl. 06.38

Read Entire Article