Nye tal syner at folk i USA blir større og større

1 week ago 5


Ein ny rapport frå helsemyndigheitene fortel at rundt 4 av 10 amerikanarar har fedme, og omtrent 10 prosent har sjukleg fedme.

Særleg har andelen kvinner med sjukleg fedme auka dei siste ti åra.

Rapporten syner at om lag 40 prosent av befolkninga i USA har ein KMI (kroppsmasseindeks) på over 30.

Tala baserer seg på endring frå 2021 til 2023.

Overvektig mann

Fedme kan føre til alvorlege sjukdomar som diabetes og hjarte- og karlidingar.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Slår ikkje ut

Studien syner også at det er ein samanheng mellom overvekt og utdanning, og at sjansen for å få fedme er større hos dei utan høgare utdanning.

Noko som kanskje er overraskande med studien er at nye og svært populære slankemedisinar som Wegovy, ikkje slår ut i statistikken.

– Det betyr at det er for tidleg å vite om nye behandlingar for fedme kan bidra til å lette fedmeepidemien, seier doktor Samuel Emmerich til nyheitsbyrået AP.

Ozempic

Ozempic er ein av dei nye medisinane mange vonar skal få bukt med fedmeepidemien.

Foto: LEE SMITH / Reuters

Håpar på framtida

Han jobbar i Center for Disease Control (CDC) og har leia den nye studien.

– Vi kan rett og slett ikkje sjå ned til det detaljerte nivået. Vonleg er det noko vi kan sjå i framtida, seier Emmerich.

Tal frå 2021 syner at talet på folk med KMI på over 30 i Noreg er rundt 20 prosent.

PS! Artikkelforfattaren har sjølv ein solid KMI.

MAGA-bevegelsen, Trumps støttespillere, skaper seg et høyrevridd paradis i Florida. Thomas drar på besøk for å prøve å forstå hva de egentlig vil.

Publisert 24.09.2024, kl. 16.04

Read Entire Article