Kor mykje raudt kjøt er for mykje? Og kan ein drikke så mykje melk ein berre vil?
Er fem om dagen framleis nok?
Etter ulike forslag og diskusjonar det siste året, har Helsedirektoratet no lagt fram sine endelege kostråd for nordmenn.
Det er no sju råd, ein nedgang frå dei tidlegare tolv.
- Ha eit variert kosthald, velg mest mat frå planterike og et med glede.
- Frukt, bær eller grønnsaker bør vera ein del av alle måltid.
- La grovt brød eller andre fullkornsprodukter vera ein del av fleire måltid kvar dag.
- Velg oftare fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt. Et minst mogleg bearbeida kjøtt.
- Ha eit dagleg inntak av melk og meieriprodukt. Velg produkt med mindre fett.
- Godteri, snacks og søte bakevarer bør begrensast.
- Drikk vatn.
Dette er dei første offisielle kostråda som Helsedirektoratet gir etter dei mykje omtala nordiske kostråda kom i fjor sommar.
Mykje diskusjon
Kostråda har skapt mykje diskusjon den siste tida, spesielt blant ernæringsfysiologar og andre mat- og helseinteresserte.
Tidleg i vår kom Helsedirektoratet ut med sine forslag til kostråd. I etterkant bad dei folk flest om å kome meg tilbakemeldingar.
Den største forskjellen i råda som allereie var og det nye forslaget, var talet på råd. Tolv var blitt til seks, for å gjere det enklare for folk å hugse.
Men råda nevnte blant anna ingenting om alkoholbruk, noko foreininga Av-og-til syns var merkeleg.
Nordiske kostråd
I fjor kom det heilt nye nordiske kosthaldsråd. Desse råda la stor vekt på å ete klimavennleg.
Ein burde ete lite kjøtt, 350 gram i veka er nok. I tillegg anbefala dei folk å unngå all alkohol. Det reagerte fleire på.
Publisert 15.08.2024, kl. 12.39 Oppdatert 15.08.2024, kl. 12.43