Nye angrep i natt: Ein halv million på flukt i Libanon

1 week ago 6


Den libanesiske utanriksministeren, Abdallah Bou Habib opplyser at rundt 400.000 menneske har flykta frå heimane sine sidan dei israelske angrepa mot Hizbollah starta måndag.

Frå før er over 100.000 drivne på flukt. Konflikten mellom Israel og Hizbollah er trappa kraftig opp sidan oktober i fjor, då krigen på Gazastripa starta.

Flyalarm i Tel Aviv

Ifølgje det libanesiske helsedepartementet er rundt 570 menneske drepne i Libanon sidan måndag. Minst 50 av desse skal vere born.

Onsdag morgon blei det meldt om nye angrep i Sør-Libanon. Israelske kampfly starta angrepa ved femtida, lokal tid, ifølgje det libanesiske nyheitsbyrået NNA. Det israelske forsvaret (IDF) stadfester at angrepa er i gang.

Israel's David's Sling system operates for interception as rockets are fired from Lebanon, as seen from Tel Aviv

Luftvernsystemet David's Sling over Tel Aviv natt til onsdag, som følgje av angrep med libanesisk rakett.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Frå israelsk side melder forsvaret at dei har avskore ein rakett som kom inn i israelsk luftrom frå Libanon. Flyalarmen har gått både i Tel Aviv og andre delar av Israel.

Storbritannia evakuerer

Som følgje av opptrappinga i angrepa denne veka, oppfordrar britiske styresmakter alle statsborgarar til å forlate Libanon. Landet sender 700 soldatar til Kypros for å hjelpe til med evakueringa.

FN-sjef António Guterres seier at Libanon no balanserer på kanten av stupet.

– Vi burde alle vere skremde av opptrappinga. Folket i Libanon, folket i Israel og folket i verda har ikkje råd til at Libanon blir eit nytt Gaza, sa han.

Podkast frå NRKs utanriksredaksjon:

Publisert 25.09.2024, kl. 07.12 Oppdatert 25.09.2024, kl. 07.19

Read Entire Article