– Etter at eg vart vaksen har eg ofte tenkt «Er det ingen som vil vere venen min?»
I 2019 flytta Oda Renate Oltedal åleine frå Bodø til Jæren for å starte i ny jobb.
32-åringen meiner det er vanskelegare å få nye vener i vaksen alder.
– Når ein er student har ein naturleg eit studentmiljø der mange ynskjer å vere sosiale. På arbeidsplassen pratar ein kanskje berre i lunsjen, og så drar folk heim til seg og sitt. Det er ikkje alltid folk vil møtast etter jobb.
Fleire er einsame
I 2024 kom det ut ei undersøking gjort av Opinion på vegner av Mental Helse Ungdom.
Undersøkinga viste at halvparten av dei unge (16-36 år) har følt seg einsame i løpet av det siste året, og kvinner rapporterer oftare om kjensler av einsemd enn menn.
Frode Thuen er psykolog og professor ved Høgskolen på Vestlandet. Han meiner at dersom ein ikkje har ein ven å snakke med når ein har behov for det, kan kjensla av einsemd kome.
Thuen har vore med å skrive boka «Vennskap for voksne», og seier mange opplever at det er vanskelegare å få nye vener i vaksen alder.
– Ein har ikkje like mange arenaer som vaksen der det er naturleg å utvikle venskap. Ein må ofte gjere ein innsats og vere aktivt oppsøkande for å få vener i vaksen alder.
Synes du det er vanskeleg å få nye venar i vaksen alder?
Ny trend
Dei siste åra har det kome fleire mobilappar og grupper på sosiale medium, der ein kan bli kjent med andre og få nye vener.
Oltedal tok sjølv grep og meldte seg inn i ei slik gruppe på Facebook for nokre år sidan. Ho er ein av dei nærmare 5 000 medlemmene i gruppa «Hey girl! Stavanger».
«Hey girl!» er ein ideell organisasjon og har 92 slike grupper i heile Noreg med til saman over 85 000 medlemmer. Dei har sidan 2016 jobba for å motarbeide einsemd, gjennom å drifte grupper på Facebook der folk kan finne vener av same kjønn i sitt nærområde.
Fekk vener gjennom Facebook-gruppe
Oltedal fortel at ho gjennom Facebook-gruppa har fått fleire gode venskap. I fjor vår publiserte ho eit innlegg i gruppa som gjorde at fleire tok kontakt.
17.55
Oda:Hei jenter! Eg flytta nettopp til Bryne og vil gjerne bli kjent med fleire. Er det nokon som vil finne på noko i dag?:)
Anja:Ja, det høyres kjekt ut:)
Lina:Eg blir gjerne med!
– Det at nokon vil møtast betyr mykje. Eg treng ikkje å ha 50 vener, men at eg har eit par gode vener er viktig, seier Oltedal.
Psykolog Thuen synest det er fint å sjå at det finst digitale nettverk der ein kan treffe andre.
– For nokon kan det å vere med i slike digitale nettverk i seg sjølv ta bort noko av einsemda. Frå ein slik arena kan det også vekse fram gode fysiske venskap seinare.
Publisert 06.08.2024, kl. 06.32