Det er 1595 dagar sidan Noreg stengde ned. Det er 1034 dagar sidan landet opna igjen. Men koronaen er ikkje borte, det har tvert imot vore ein auke i sommar.
Folkehelseinstituttet (FHI) seier det kan komme ein ytterlegare smitteauke også framover.
– Førekomsten er framleis relativt låg, men trenden har vore aukande gjennom fleire veker, noko vi har sett også tidlegare somrar. Vi kan heller ikkje utelukke meir auke også dei neste vekene, seier Hilde Kløvstad, fungerande direktør for smittevern og vaksine ved FHI.
FHI har ikkje konkrete tal på kor stor auken har vore.
Mykje virus i omløp
Det er ikkje lenger så mange som testar seg sjølv, men dei som kjem på sjukehus, blir testa. Og det er der helsemyndigheitene ser fleire tilfelle bli registrerte.
– Det er mange luftvegsvirus i omløp nå, og så har det vore ei lita bølge av korona på forsommaren og dei siste vekene, viser tal frå sjukehusa og nasjonale register, seier Einar Sagberg, smittevernoverlege i Drammen kommune.
Han fortel at koronaviruset foreløpig ikkje har tilpassa seg ein sesongrytme, som for eksempel influensaviruset har.
– Derfor forventar vi at det kjem små bølger på litt andre tidspunkt enn vi er vande til. Det er nok det vi ser nå.
Virus på sommarjakt
Mange lever litt annleis om sommaren enn elles i året, utan dei faste rutinane. Trass smitteauken meiner Sagberg at det ikkje er nokon grunn til at folk skal vere bekymra.
– Fly, tog og stader kor mange sit eller står tett saman, er stader der virusa blir litt spreidde lettare. Men dersom du er frisk har vi ingen generelle råd til publikum, seier smittevernoverlegen.
– Viss du er i utlandet, og blir dårleg, kva skal du gjere da?
– Så lenge du opplever det som ei vanleg forkjøling, så handterer du det med litt smertelindring, roe ned og kanskje søke skugge viss det er ein stad det er veldig varmt. Begynner du å kjenne deg alvorleg dårleg, må du oppsøke helsevesen der du er.
Verne dei sårbare
Sagberg er mest opptatt av korleis folk oppfører seg dei første dagane, enten det er snakk om korona eller ein annan virusinfeksjon.
– Dei første dagane, når vi har rikeleg med symptom og kjenner oss litt dårlege, bør vi halde oss unna folk vi veit er sårbare. Det er da dei aller minste, dei eldste og dei vi veit har alvorlege sjukdommar.
– Er det nokon grunn til å bruke munnbind?
– Viss du må ut ein stad med mykje folk når du er i ein startfase med mange symptom, kan det vere formålstenleg å ta på eit munnbind for å verne andre.
Publisert 23.07.2024, kl. 16.16