Ny rapport: Unge menn løftar kosthaldet vekk frå staten sine råd

3 weeks ago 9


– Viss fleire unge har lyst til å komme seg ut og trene, springe, drive med styrketrening og tenke meir på kosthald, så tenker eg at det er ei veldig positiv utvikling.

Det seier Henrik Oven til NRK.

Gjennom sosiale medium når han ut til mange tusen unge nordmenn kvar dag med sine råd om kosthald og trening.

No syner ein fersk rapport at unge mellom 18 og 29 har eit heilt anna kosthald enn foreldre og besteforeldregenerasjonen.

Henrik Oven ser på mat

Henrik Oven på inspeksjon i nyheitene i NRK si kantine. Vestlandslefse meiner han er ein dårleg idé.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Meir kjøtt og mindre alkohol

– Det viser seg altså at den yngste aldersgruppa spiser meir kjøtt. Dei spiser mindre av klassiske norske matrettar og til dømes poteter. Sikkert også mindre kjøttkaker og brun saus.

Det seier Lene Frost Andersen. Ho er professor i ernæring ved Universitetet i Oslo og har leda gruppa som no legg fram rapporten Norkost 4.

Sist det blei gjennomført ei slik omfattande gransking var i 2010 / 2011.

I rapporten ser ho tydeleg andre vanar hos dei mellom 18 og 29 år enn i andre aldersgrupper:

  • Mykje ris og pasta, mindre potet
  • Mindre frukt, bær, nøtter og frø
  • Mindre kaffi, meir brus og saft, både med og utan sukker
  • Mindre alkoholbruk blant unge enn blant dei eldste
  • Meir opptatt av fysisk aktivitet

At særleg unge blir påverka til endra kostvanar, er ikkje professor Lene Frost Andersen i tvil om.

– Det har vore mykje fokus på ultraprosesserte produkt. Dei fleste kjøpebrøda hamnar i den kategorien.

Instituttleder og professor Lene Frost Andersen

Instituttleiar og professor Lene Frost Andersen la fredag føremiddag fram rapporten om folk sine kostvanar.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Vi følgjer ikkje råda

– Dei store utfordringane vi finn, er at kosthaldet i liten grad er i tråd med dei nye kostråda som vi fekk i august, seier Andersen.

Styresmaktene vil at vi skal velje mest mat frå planteriket, spise grovt brød og fullkorn og heller velje fisk, sjømat, bønner og linser i staden for raudt kjøtt.

Men den store undersøkingane viser at det slett ikkje er det vi gjer.

Nordmenn generelt spiser for lite frukt, bær, grønsaker, fisk og fullkorn. Vi får også i oss mindre karbohydrat enn det staten meiner vi bør og vi spiser for mykje metta feitt.

– Det vi ser er at det er særskilt det grove brødet folk kuttar ut, seier professoren.

– Det har vore mykje fokus, ikkje minst blant unge for å få i seg meir protein. Kva tenker du om det?

– Det er særleg forskjell på proteininntekt blant dei unge og dei eldre, når vi ser på andelen energi. Mange vil følge trendane i tida.

Kjenner på eit ansvar

Influensar Henrik Oven kjenner seg godt igjen i tala frå undersøkinga.

– Kjøttkaker i brun saus er jo for så vidt bra mat det, men det kan vere så mykje betre enn det, seier han.

På Snap har han over 169.000 følgjarar og det han deler der handlar oftast om mat og trening.

Det går i styrketrening, løping og det han meiner er fornuftig mat – med mykje protein.

– Eg veit jo at det er mange unge gutar som følgjer meg, så eg kjenner jo på eit ansvar for det eg formidlar.

Han fortel at han får mange meldingar frå unge som vil blant anna vil ha tips og råd om korleis ein kan gå ned i vekt, men at han er varsam med å gje slike råd til dei yngste.

– Men det er jo berre fint å kunne nå ut til dei unge, slik at folk kjem seg på trening eller får lyst til å trene når dei ser det eg legg ut, meiner Oven.

Henrik Oven med mobiltelefon

Henrik Oven meiner det er bra at fleire unge tenker igjennom kva dei spiser og korleis dei trener, sjølv om dei kanskje ikkje følger dei offisielle kostråda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ha gratis frukt og grønt

Den omfattande rapporten ho er ansvarleg for blir no gitt vidare til Helsedirektoratet.

Det er dei som skal vurdere kva som kan gjerast for at fleire nordmenn skal følgje kosthaldsråda.

Sjølv meiner professoren at alt handlar om å starte med gode vanar hos dei yngste.

– Vi må starte tidleg, og kanskje må vi få inn meir gratis frukt og grønt i skulen, nemner ho.

Snap, YouTube og Strava-stjerna Henrik Oven er samd i at gode vanar må inn tidleg.

Men han meiner at det er langt verre å endre vanane til vaksne og godt vaksne nordmenn.

– Eg har ei oppfatning om at eldre ikkje er så interessert i å endre seg.

Publisert 01.11.2024, kl. 10.15

Read Entire Article