– Det er ein alvorleg og bekymringsfull konklusjon i denne rapporten. Det er alarmerande og skremmande, seier Sarah Gaulin.
Ho er dagleg leiar i organisasjonen LIM (likestilling, integrering og mangfald) og jobbar med å få innvandrarar inn i det norske samfunnet.
Rapporten ho pratar om kjem frå Kripos og vart offentleg i dag.
Å skilja æresdrap frå andre drap er vanskeleg, ettersom drap sjeldan blir registrert etter motiv, skriv Kripos i rapporten.
Men etter å ha saumfare fleire drap i Noreg mellom 2000 og 2022, har dei identifisert 24 drap dei meiner sannsynlegvis er motivert av ære.
Likevel har svært få blitt etterforska som æresdrap, og svært få har vorte dømt.
Gaulin er kritisk til korleis både politiet og påtalemakta jobbar med slike saker.
Mangel på kunnskap
Det er første gang Kripos går tilbake og ser på eigne etterforskingar for å leite etter moglege æresmotiverte drap.
Dette er nokre av hovudfunna:
- Svært få av dei 24 sakene er identifisert, etterforska eller iretteført som æresdrap av politi og påtalemyndigheit.
- Æresmotivet er berre nevn i seks av dei totalt 24 dommane.
- I 11 av sakene finst det konkret informasjon om at andre enn gjerningspersonen har støtta eller medverka til sjølve drapshandlinga. Likevel er det berre éin av sakene der nokon har blitt dømd for medverknad.
Lene Wold jobbar i etterretningsseksjonen i Kripos og har arbeida med rapporten.
Ho seier funna viser manglande kunnskap om æreskultur i norsk politi.
– Ofte står drapsmannen fram med ein gong og forklarar seg grundig. Då har ein det som kan sjå ut som ei opplagt drapssak. Men så kan det eigentleg vera lange konfliktlinjer, med mange medverkande, som kanskje burde blitt etterforska, seier ho.
Wold legg til at slik type etterforsking også ofte er svært ressurskrevjande.
Mange går fri
Wold trekk spesielt fram det at svært få blir dømde for medverknad til drap.
– Ved å avdekka æresmotivet blir ein nøydd til å sjå på potensielle medverkarar rundt, seier ho.
I 11 av dei 24 identifiserte drapa fann Kripos totalt 37 namngitte personar som vitne hevda hadde medverka til drapshandlinga. I berre éi av sakene vart nokon dømde for det.
– Det er dette som skil æresdrap frå for eksempel partnerdrap, der det også kan vera snakk om tap av ære. I æresdrap er ofte større deler av familien involvert, seier ho.
Det kan vera at offerets eller gjerningspersonens familie har godkjent, oppmoda eller bestilt drapet.
Må få inn ressursar
Rapporten til Kripos er etterretningsbasert, og funna er hefta med ei viss grad av uvisse.
Wold seier dei no har utarbeida eit sett med kjenneteikn som dei håpar vil hjelpe arbeidet med å identifisera æresrelatert kriminalitet.
Fungerande seksjonsjef i Politidirektoratet, Marte Kristine Ødegård Lund, seier Kripos' arbeid og initativ er er positivt, og at dei vil ta med seg rapporten i sitt vidare arbeid.
– Rapporten og indikatorsettet blir rekna som viktig for å vidareutvikla evna politiet har til å etterforska og førebyggja denne alvorlege kriminalitetsutfordringa. Tiltak som aukar fenomenforståing, medvit og kunnskap til bruk for førebygging av æresrelatert vald og drap er viktig.
Gaulin i LIM kom sjølv frå Iran som flyktning, og har sett æreskultur på nært hald.
Ho håpar rapporten vil føra til ei gransking av både politiets og påtalemyndigheiten sitt arbeide med æreskultur.
– Desse funna sender eit signal om at éin person kan ta heile straffa. Så kan alle andre familiemedlem som har vore med på å påverka æresdrap, gå fri, seier ho.
NRK har ikkje lykkast i å få ein kommentar frå Riksadvokaten.
Publisert 20.06.2024, kl. 06.31