Ny personleg rekord for Skarbøvik Andresen: – Eg er veldig rørt og fornøgd

4 months ago 32


Hekkeløparen frå Dimna IL sprang inn på tida 12.96 på 100 meter hekk. Det er første gong ho har springe under 13.00 sekund.

– Endeleg under 13, det var deilig. Eg er veldig glad for at eg klarte det akkurat her, så eg er veldig rørt, seier Skarbøvik Andresen til NRK etter løpet.

Ingen av utøvarane i andre heat løp under 13-talet. Dermed er ho også vidare til semifinalen laurdag.

– Eg hadde eit håp om at eg skulle klare det, men det er veldig deilig at det går, sa Skarbøvik Andresen etter at ho fekk beskjeden om at ho var vidare.

– Kva betyr det for deg?

– Akkurat no betyr det alt. Dette er det eg har jobba for heile sesongen. Før sesongen hadde eg ikkje trudd dette. Eg hadde håp om å springe fort, men ein veit aldri kva det held til i meisterskap. Så at eg kjem til ei semifinale i mitt første EM er draumen, seier ho.

Hardt arbeid over tid

Hekkeløparen var ein av fire norske jenter som sprang under 13 sekund.

– Eg er veldig rørt og fornøgd.

– Kva blir du rørt av?

– At all jobben eg har lagt ned betaler seg. Friidrett er ein veldig einsam idrett, så all jobben eg og Arve Hatløy (trener) har lagt ned aleine, betyr plutseleg veldig mykje i dag.

Ho fortel at det betyr for ho å ta seg vidare til semifinalen. Spesielt etter mange år med skadeutfordringar.

– Eg har jobba for dette lenge. Når ein har hatt så mange skader som eg har, så er det deilig at det går min veg no.

Satsar mot nye rekordar

Hekkeløparen var også fornøgd med dagens løp.

– Det kjendest ganske greitt. Eg kom godt ut dei første hekkane og taper litt på slutten, men det kjem.

Tidlegare friidrettsutøvar og sportskommentator Christina Vukicevic Demidov tok den norske rekorden på 100 meter hekk i 2009, med tida 12,87.

No håper ho at hekkeløparen frå Sunnmøre kan ta rekorden hennar.

– Kanskje om eitt par år, vi får håpe det, seier ho med eit smil.

Lovise Skarbøvik Andresen var rørt, glad og letta over å ha sett personleg rekord med 12.96 i innleiande heat på 100m hekk i EM i Roma

Publisert 07.06.2024, kl. 10.52 Oppdatert 07.06.2024, kl. 11.20

Read Entire Article