I Ukrainas hovudstad Kyiv er folk bedt om å søka dekning for eit russisk rakettangrep. Luftforsvaret i landet seier slike angrep på dagtid er svært uvanleg, melder Reuters.
NRKs reporter Jan Espen Kruse og fotograf Lokman Ghorbani var like ved då ein rakett traff i Kyiv måndag føremiddag.
Kyivs borgermeister seier det har vore fleire eksplosjonar i Kyiv, og ber folk gå i tilfluktsrom.