NRKs reporter hamna rett ved rakettangrep i Kyiv

4 months ago 26


8. juli 2024 kl. 10:05

NRKs reportasjeteam Jan Espen Kruse og fotograf Lokman Ghorbani vart svært nære eit rakettangrep i Ukrainas hovudstad Kyiv måndag føremiddag.

Ukrainske styresmakter bad folk i området om å søka dekning for det russiske angrepet. Også Kruse og Ghorbani fekk den beskjeden.

– Alarmen gjekk og me søkte dekning i ein metrostasjon like ved. Etter høyrde me fleire eksplosjonar like ved, fortel Kruse.

Det er usikker kva som var målet for angrepet, men Kruse rapporterer om tre til fire eksplosjonar.

– Eksplosjonane var kolossale. Folk er skokkskadd, og nokon er fysisk skadd, seier Kruse.

Det er enno ikkje kjent kor mange som vart skadd i angrepet.

Russiske angrep midt på dagen i Kyiv er uvanleg, legg Kruse til.

Read Entire Article