Norske verft forventar å ta del i forsvarsløftet

4 months ago 36


Tysdag sa alle representantane på Stortinget ja til det nye «Forsvarsløftet» til 600 milliardar kroner.

Planen seier ikkje kven som skal bygge dei nye krigsskipa, men NRK er kjent med at fleire verft langs norskekysten forventar å ta del i den nye «krigsøkonomien».

Bakgrunnen er ønskelista til forsvarsminister Bjørn Arild Gram som inneheld «minst» fem nye fregattar og «inntil» 28 mindre krigsskip.

Dei største krigsskipa – fregattane – vil typisk vere importvare, men ikkje dei mindre skipa.

Dagleg leiar i Norske skipsverft, Asle B. Strønen, meiner det er fullt mogleg å favorisere norske verft i dei komande anbodsrundane utan å komme på kant med EØS-reglane.

Reglane opnar for å styre forsvarsanskaffingar til sin eigen nasjonale industri. Det er lovleg, uproblematisk og heilt vanleg, seier han.

Vi har nå eit historisk høve til å løfte norsk skipsverftsindustri.

Fleire oppdrag til verftinsdustrien vil i sin tur gi ein distriktspolitisk gevinst for regjeringa.

Eit gamalt ordtak langs kysten seier at kvar jobb på verftet skaper fem andre jobbar i omlandet.

Verft på Vestlandet

Som ein del av oljepakken for å hjelpe norsk industri gjennom koronakrisa, fekk Havforskingsinstituttet i oppdrag å bygge eit nytt skip til 110 millionar kroner.

Ulstein verft

Tiltaket stod under overskrifta «Tiltak for auka aktivitet og sysselsetting – få folk tilbake i jobb».

jrxtEB4H82Q

Ikkje desto mindre hamna oppdraget på nederlandske hender. EØS-reglane fekk skulda.

 Green Yard Kleven

Den lave kronekursen er godt nytt for norsk verftsindustri. Det same kan «Forsvarsløftet» til 600 milliardar kroner vere

Vard Langstein

«Norsk verftsindustri kan stå framfor ein veritabel oppdragsbonanza», skriv Kystens Næringsliv.

Sjøforsvaret

Dei største krigsskipa – fregattane – vil typisk vere importvare, men ikke skipa i den andre kategorien.

– Aukande interesse for bygging av skip i Noreg

I desember leverte Vaagland båtbyggeri «Beret Paulsdatter» til Universitetet i Tromsø. Skroget blei bygd i Polen.

Hadde oppdraget komme i dag, kunne heile arbeidet truleg blitt uført i Noreg, seier dagleg leiar i verftet, Gunnar Nordbø.

Forklaringa er den låge kronekursen.

For nordmenn på ferie er han dårleg nytt, men for norske eksportbedrifter som konkurrerer i ein internasjonal marknad er han godt nytt.

For første gong på lenge kan norske båtbyggarar konkurrere med spanske og tyrkiske verft på pris.

 Vegard Oen Hatten/Forsvaret

Norsk fregatt og korvett utanfor Andøya, av høvesvis Fridtjof Nansen- og Skjold-klassen.

Foto: Vegard Oen Hatten / Forsvaret

«Norsk verftsindustri kan stå framfor ein veritabel oppdragsbonanza», spår Kystens Næringsliv.

Vi ser heilt klart ei aukande interesse frå reiarlag for bygging av skip nå enn for kort tid sidan. Noko som på sikt også kan føre til skrogbygging i Noreg igjen, seier Hans Jørgen Fedog, direktør Green Yard Kleven.

Han legg til:

Det som nå er viktig er at vi ikkje lèt kostnadene springe løpsk og at staten stiller opp med ein forskotsgaranti som gjer at vi kan bygge vidare på marknaden som begynner å komme seg.

Opptrening av Ukrainske soldater i Norge

Ønskelista til forsvarsminister Bjørn Arild Gram inneheld «minst» fem nye fregattar og «inntil» 28 mindre krigsskip.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Avgjerande at skipa blir bygd av norskkontrollerte verksemder

I fjor sommar blei byggelånordninga i staten (sjå under) utvida for å stimulere til meir skipsbygging ved norske verft.

Tanken er at det blir enklare for verfta å realisere nye kontraktar om staten tar meir av kredittrisikoen.

– Verfta opplever sterk internasjonal konkurranse, og det er gledeleg at verkemiddelapparatet bidrar til auka aktivitet ved norske skipsverft, sa næringsminister Cecilie Myrseth ved omlegginga.

4. juni skrev utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget at det er «avgjerande» at dei nye skipa blir «utvikla og bygd av norskkontrollerte verksemder» (sjå under).

Eddy Njåstad Nynes i NITO gleder seg over uttalen til forsvarskomiteen:

– Innstillinga er svært positiv og gir god føreseielegheit for norsk maritim klynge.

Han minner om KNM «Maud»-saka der eit dyrt innkjøpt krigsskip frå Sør-Korea fekk seglingsforbod etter at Forsvarets materielltilsyn avdekte fleire avvik etter berre sju månader.

Forsvaret har dårleg erfaring med skip dei har skaffa seg frå utanlandske verft, seier han.

Han legg til:

Politikarane bør sjå på verfta som ein del av beredskapen. I ein eventuell krig så må vi kunne reparere skipa i Noreg.

Gunvor Ulstein

Arne Flatin

Gunvor Ulstein, administrerande direktør ved Ulstein Verft

- Sikkerheit og beredskap har kome høgare på dagsorden. Noreg har ei lang kystlinje med meir enn fem gongar såg mykje havareal som landsareal. Vi må auke den maritime sikkerheits- og beredskapsevna vår og dette vil kome norsk maritim næring til gode

Eddy Njåstad Nynes

Ragnhild Aasen Jacobsen

Eddy Njåstad Nynes, hovudtillitsvalt Kongsberg maritime

- Det er fult mogleg å stille krav som gjer at norske verft og leverandørar kan forfordelast. Det kan stillast krav til at selskap som skal tilby, må vere registrert i eit norsk føretaksregister. Når Forsvaret skal skaffe nye skip, så bør dei også tenke på sikkerheita.

Frode Sund administrerende direktør NHO Sjøfart meiner elferjer er framtida.

NHO Sjøfart

Frode Sund, NHO Sjøfart

- Vi reknar med at svekking av den norske krona over tid vil gjere norske verft enda meir konkurransedyktige, men verftsindustrien må sjølv vurdere om det er formålstenleg å bygge opp eigen kapasitet på skrogbygging.

Stål Heggelund

Stål Heggelund, direktør Norsk Industri

- Vi ser ein ny optimisme i næringa nå, og ordretilgangen har vore god frå nasjonale og internasjonale kundar. Vi ser samtidig fin vekst i leverandørindustrien av utstyr til skip. Skrogbygging i Noreg til større skip er ikkje realistisk på nåverande tidspunkt.

Hans Jørgen Fedog

Foto Lars Gunnar EieNRK

Hans Jørgen Fedog, direktør i Green Yard Group AS

- Vi ser ei aukande interesse frå reiarlag for bygging av skip nå enn for kort tid sidan. Noko som på sikt også kan føre til skrogbygging i Noreg igjen, når det passar i prosjekta. Det som nå er viktig er at vi ikkje lèt kostnadene løpe løpsk og at staten stiller opp med ein forskotgaranti som gjer at vi som næring kan bygge vidare på marknaden som nå begynner å komme seg.

Gunnar Nordbø

Gunnar Nordbø, dagleg leiar Vaagland Båtbyggeri AS

- Det som har blitt vanskelegare er å få tak i fagfolk. Det gjeld både norske og utanlandske. Dette trur eg blir den største utfordringa framover. Vi bygger gjerne skrog heime viss vi får tak i kvalifiserte folk (opptil 30 meter)

Leiv Sindre Muren

Leiv Sindre Muren, CFO i Myklebust verft

- Vi ser det som veldig positivt at Eksfin har utvida rammene sine. Dette bidrar til å auke fleksibiliteten til bankane, som også kan kjem verfta til gode i forhold til nye og meir kapitalkrevjande prosjekt.

Tone Lunde Bakker

John Trygve Tollefsen

Tone Lunde Bakker, administrerande direktør i Eksfin

- Det er fantastisk å sjå den auka etterspørselen etter grøne skip frå norske verft. Det er auka press på verft i heile verda, dette aukar etterspørselen etter skip også frå norske verft. I neste omgang aukar produksjonskostnadene - og da blir finansiering viktig. Denne veksten viser at Eksfins tilbod blir opplevd relevant for verfta, og vi har framleis god kapasitet under ordninga.

Asle Strønen

Hans Olav Landsverk

Asle Strønen, dagleg leiar i Norske Skipsverft

- Vi etterspør eit nytt produkt i porteføljen til det statlege verkemiddelapparatet som vi kallar «Forskotgarantiordning for skipsverfta». Denne ordninga vil omgåande utløyse auka aktivitet og sysselsetting i distrikt-Noreg. Finansieringsevna til skipsverfta blir også eit tema i forhold til Sjøforsvarets flåtefornyingsplan.

Publisert 06.06.2024, kl. 18.07

Read Entire Article