Noregsmeisteren kjem med klart råd til supertalentet Wilma (17): – Et nok

6 days ago 5


Sæten kryssa som venta målstreken først på 5-kilometeren under NM i gateløp på Jessheim laurdag.

Men det var først på slutten at 26-åringen drog frå den 17 år gamle klubbvenninna si, Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson.

Supertalentet leverte ein ny sterk prestasjon, vann juniorklassen og vart nummer to av alle.

Ho var litt for sterk for i dag. Men det er framleis gøy å bli nummer to i første NM i gateløp, seier Torbiörnsson til NRK.

– Kjem til å springe fort

Det var kanskje det vi hadde håpa på, det er ikkje nokon tvil om det, erkjenner sportsleg leiar i Ull/Kisa, Hans Jørgen Borgen.

Wilma Torbiörnsson

IMPONERER: Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson begynner allereie å ha ei imponerande premiesamling.

Foto: Heiko Junge / NTB

Han er trenar for 17-åringen, som har tatt store steg denne sesongen.

Under U18-EM i Slovakia i juli tok ho bronse på 1500 meter. 27. august sette ho norsk aldersrekord på distansen med 4.09,80. Det er også årsbeste i Europa i U18-klassen.

Ho kjem til å springe fort. Det er eg heilt sikker på, seier noregsmeister Sæten.

Samtidig er Sæten heilt tydeleg på at det ikkje er nokon automatikk i at sterke resultat i tenåra gjev sterke resultat som senior.

– Ingen av dei eg stod på startstreken med som 17-18-åring held på lenger i dag, påpeikar Sæten, som for sin del var kvalifisert for to øvingar under EM i Roma i sommar.

Tydelege råd

Derfor kjem ho med eit klart råd til Torbiörnsson.

Eg trur ein må vere flink til å sette pris på dei augeblikka der ein gjer det bra der og da, og ikkje alltid lengte etter meir. Eg veit at det kan komme tunge periodar i den alderen, så ein må berre verkeleg sette pris på det. Samtidig som at ein held litt igjen og et nok, rett og slett, seier ho.

Det er tankar Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson allereie sjølv har tenkt.

Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson

FORSYNER SEG AV MEDALJANE: Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson har allereie mista teljinga på kor mange medaljar ho har frå ulike aldersbestemte meisterskapar.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

På spørsmål om kva som skal til for å bli enda betre, svarer ho nemleg:

Trene meir og unngå skadar.

Korleis skal ein unngå skadar?

Trene forsiktig, kanskje byte litt springing med litt alternativt.

– Ho høyrer

Det er Hans Jørgen Borgens jobb å halde henne igjen.

– Med Wilma er det litt lett, for ho høyrer på meg. Ho stoler på meg når eg seier at «det bør vi ikkje gjere». Da gjer ho ikkje det, seier han og held fram:

Ho er veldig flink med alle detaljar, og styrken hennar er at ho er utruleg flink til å halde igjen. Ho er ikkje den som klemmer på mest på trening.

Borgen peikar også på Sæten som eit godt førebilete.

Amalie er kanskje den som har vore veldig flink til å halde igjen på trening, og har kanskje enda meir å hente. Så det blir spennande å sjå dei neste åra, seier han.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

EUROPAMEISTER: Karoline Bjerkeli Grøvdal var ein knallsterk junior, men brukte tid på å nå europatoppen som senior.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vil nærme seg Grøvdal

Kanskje blir det mange duellar mellom nettopp Sæten og Torbiörnsson på distansane frå 1500 til 5000 meter.

Torbiörnssons mål er i alle fall klart.

Det er å prøve å bli så god som mogleg. Å prøve å nærme seg Karoline Bjerke Grøvdal, seier ho.

Grøvdal er årets europameister på halvmaraton. Lista er lagt.

Publisert 30.09.2024, kl. 11.39

Read Entire Article