– Fellesskapet blir veldig viktig, seier Lone Amundsen.
Om knappe to veker flyttar ho frå Vesterålen til Skjolden, ei lita bygd på Vestlandet som ho knapt hadde høyrt om før.
Der skal ho bu i landets første mikrohuslandsby med fellesstue og eplehage. Med det går ho frå einebustad på over 500 til 33 kvadratmeter.
– Det blir ein stor overgang, men eg gler meg veldig. Eg vil leve lettare og tettare på naturen.
- I fjor kom det regelendringar som gjorde det lettare å bygge minihus.
Først i landet
Mikrohusa blir i desse dagar heisa rett på grunnmuren. På sikt blir dei omkransa av hundrevis av epletre, og på tunet blir det totalt 11 hus.
Prosjektet er det første av sitt slag i Noreg. Prosjektleiar Torill Bye Wilhelmsen kallar landsbyen for «eit moderne klyngetun».
– Kombinasjonen av økologisk eplehage og heilårsbustadar er unik, seier ho.
Husa kom for sal i februar, og åtte av elleve er selde. Hittil er alle kjøparane tilflyttarar.
– Størst interesse har det vore frå høgt utdanna kvinner som er veldig bevisste kva dei vil bruke tida og liva sine på.
- For Iver (25) blei minihus redninga for å kome seg inn på bustadmarknaden.
Rekord for søk etter mikrohus
Aldri før har nordmenn søkt like mykje etter mikrohus på marknadsplassen Finn som i år.
Hittil i år er det gjort 4.229 søk etter mikrohus. Det er høgare enn i heile 2022.
– Det er ein billig måte å bu på når bustad- og leigeprisane er svært høge, trur Linda Glomlien i Finn kan vere ein av grunnane til den auka interessa.
Ho seier alt tyder på at dei vil sjå eit mykje høgare søketal etter mikrohus i år enn i fjor, sjølv om interessa var stor då og.
– Vi ser ei heilt openberr endring i at folk er meir nysgjerrige på deleløysingar, slår forskar Solvår Irene Wågø ved Sintef fast.
Ho har forska på ulike bustadformer, og meiner det er stort behov for prosjekt av typen som no materialiserer seg i Skjolden.
– Vi har behov for alt som kan utfordre den norske modellen der det einaste som gjeld er einebustaden.
- Bustadprisane vil halde fram med auke i åra framover, og i norske byar er det nær umogleg å kome seg inn på bustadmarknaden om du er singel, sjølv med fast jobb.
Trur fellesskap er nøkkelen
Draumen om eit enklare liv på bygda handlar for mange om å få betre plass.
– At folk heller vel å bu tett og nært på mindre areal på bygda, fortel oss noko om at det er fellesskapet som trekkjer, seier Wågø.
I mikrohuslandsbyen i Skjolden kan bebuarane samlast i eit felleshus.
– Der kan dei ete middag saman, henge, spele musikk, drive med handarbeid, eller selje produkt som dei har dyrka i hagen, fortel prosjektleiar Wilhelmsen.
Nettopp fellesløysingane trur forskaren gjer prosjektet så tiltalande.
Ei fersk undersøking frå Trondheim, viser at dei nabolaga kor folk trivst best, er der naboane kjenner kvarandre godt.
– Delingskultur er i vinden, og slike prosjekt som dette er ein måte vi kan bu meir miljøvennleg og smart på i framtida, seier Wågø.
Heilårsbustadar eller feriehus?
– Norske bygder blir avfolka fordi det manglar bustadar, så dette prosjektet vil ha stor overføringsverdi til andre bygder, trur Wågø.
At sju hus er selde og hovudparten er tilflyttarar, er eit draumescenario for ein liten kommune som Luster, seier Ole Gunnar Krakhellen i kommunen.
Men forskaren er spent på å sjå om det faktisk blir eit levande, moderne klyngetun, eller om det blir feriebustadar etter kvart.
Skjolden husar om lag 350 fastbuande. Det er inngangsporten til Hurrungane og kjend for den segnomspunne Harastølen.
Ein ynda ferieplass med mange feriehus. På sommaren brukar folketalet å doble seg, grunna cruiseturisme.
Kommunen er likevel trygg på at mikrohusa ikkje kjem til å bli feriebustadar.
– Utbyggar har fokus på å selje til folk som ønsker å bu her heile året, så eg trur det ligg godt til rette for at folk kjem til å gjere det, svarar Krakhellen.
For Lone Amundsen som snart er på flyttefot, ligg det ikkje i korta å bruke mikrohuset som feriehus. Ho startar i ny jobb i Skjolden og ser føre seg å bu der lenge.
– Eg kjem til å bu der så lenge det kjennest rett ut for meg, seier ho.
Må ikkje bli «ei tvangstrøye»
Amundsen trur ho kjem til å bruke fellesområda dagleg.
– Eg er veldig glad i å grave i jorda og ordne i hagen. Det blir felles eplehage og grønsakhage. Dei blir nok mykje brukt.
Ho er ikkje uroa for at det blir klinsj med dei andre som flyttar inn i mikrohuslandsbyen.
Wågø som har studert andre kollektive buformer, trur det einaste som kan øydelegge idyllen, er dersom fellesskapet blir opplevd som «ei tvangstrøye».
– Fellesmiddagar og gitarspel høyrest nesten ut som ein slags folkehøgskule eller ei sekt?
– Så lenge det ikkje blir rigide reglar om at alle må ete middag saman kvar einaste tysdag til dømes, så går det nok veldig fint, seier Wågø.
Publisert 06.07.2024, kl. 15.55