27. september i år gjekk regjeringa ut med nye tiltak for å avgrense innvandringa frå Ukraina.
Folk som kjem frå seks fylke vest i landet har ikkje lenger krav på kollektivt vern.
Aukande tal flyktningar frå både trygge og utrygge område i Ukraina.
No syner tal frå UDI at Noreg i september tok imot fleire enn Danmark og Sverige til saman.
- 2128 kom til Noreg
- 1013 til Danmark
- 828 til Sverige
Vil ha same nivå
– Det viser at Noreg fører ein altfor naiv politikk.
Det seier Erlend Wiborg (Frp) til NRK. Han er innvandringspolitisk talsperson i partiet.
Han meiner at høgare ytingar til dei som kjem hit til landet er årsaka til at fleire ukrainarar vel å kome til Noreg enn til dei andre nordiske landa.
– Det må vere ei viss byrdefordeling. Vi må sørge for at norske ytingar aldri er høgare enn i nabolanda våre.
Framstegspartiet meiner at ytingane til ukrainarane og andre flyktningar må regulerast slik at dei ligg på same nivå som i Sverige, Danmark og Finland.
– Det må ikkje ligge høgare, meiner Wiborg.
– Vil føre til meir uro
Tonje Brenna er arbeids- og inkluderingsminister frå Arbeidarpartiet. Ho meiner at krava frå Wiborg og Frp vil ta Noreg i feil retning.
– Å lage eit system som gjer det vanskelegast mogleg for dei som kjem hit, slik Frp vil, er ikkje løysinga, meiner Brenna.
Ho peikar på at det Wiborg omtaler som ein ytingar, er pengar ein får mens ein deltar i eit program som førebur til arbeid.
– Oppskrifta til Wiborg vil føre til at færre lærer seg norsk, færre kjem i jobb og at færre blir integrert i det norske samfunnet, skriv Brenna i ein e-post til NRK.
Ho meiner at krava frå Frp er oppskrifta på meir bråk og sosial uro i Noreg.
Stramma inn
27. september gjekk regjeringa ut og fortalde at dei har stramma inn Ukraina-politikken.
Den politikken ligg fast og Noreg skal stille opp for Ukraina, både sivilt og militært, slår Tonje Brenna fast.
– Men vi skal ikkje ta imot fleire enn vi klarer å integrere i Noreg, skriv Brenna i e-posten til NRK.
Erlend Wiborg i Frp meiner derimot at september-tala viser at politikken ikkje er streng nok.
Han peikar på at Frp også støttar at Noreg skal bidra for ukrainarar på flukt, med militært utstyr og humanitær hjelp.
– Men vi er heilt på maksgrensa av kva Noreg har kapasitet til, meiner han.
– Meiningslaust
Framstegspartiet meiner også at det er heilt meiningslaust at Noreg gir vern til stridsdyktige ukrainarar.
– Ukraina treng soldatane sine sårt. Då kan ikkje vi akseptere at personar som unndrar seg militærteneste skal få vern, seier Erlend Wiborg.
Han meiner at regjeringa må bidra til at dei som er stridsdyktige og innkalla til militærteneste, blir i Ukraina for å forsvare landet sitt.
– Så skal dei plassane vi har i Noreg gå til kvinner, barn og andre som har behov for vern.
Tonje Brenna er derimot mest opptatt av at dei som kjem hit, raskt skal bli ein del av det norske samfunnet.
– Eg vil at folk skal jobbe og at jobbane skal vere i det seriøse arbeidslivet. Det er derfor vi kvalifiserer folk, skriv Brenna.
Publisert 29.10.2024, kl. 05.26