Noreg strammar kraftig inn for ukrainske flyktningar

1 week ago 9


Det gjer dei på dagen, melder Justisdepartementet i ei pressemelding.

Ukrainarar som kjem frå område som UDI som vurderer som trygge, vil ikkje lenger omfattast av ordninga med kollektivt vern.

I dag gjeld dette seks område vest i landet: Lviv, Volyn, Zakarpatska, Ivano Frankivsk, Ternopil og Rivne.

Vil ha meir kontroll

Rundt 10 prosent av ukrainarane som har komme til Noreg hittil i 2024, kjem frå eit av desse områda.

– Innvandringa til Noreg må vere kontrollert og berekraftig og ikkje uforholdsmessig større enn i land det er naturleg at vi samanliknar oss med, som dei nordiske landa.

Det seier justisminister Emilie Mehl (Sp) i pressemeldinga.

Kan få avslag

Ho meiner at ordninga med kollektivt vern no blir retta meir presist mot dei som har eit vernebehov.

– Flyktningar frå desse områda vil få individuell vurdering i samsvar med ordinære reglar for asyl. Dei kan dermed få avslag på søknaden.

Noreg har tatt i mot over 85.000 ukrainerar sidan krigen 202, og regjeringa har allereie gjort fleire innstrammingar tidlegare.

Kartet syner dei fylka som blir råka av endringa.

Gjeld ikkje pasientar

Mehl varsla tidlegare denne veka at dei vil stramme inn ytterlegare for både ukrainarar og flyktningar frå andre land for å redusere talet på søknadar.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) understrekar at endringa gjeld dei som kjem til Noreg frå no av.

– Det gjeld heller ikkje for pasientar som er evakuerte frå Ukraina til Noreg og pårørande deira.

Publisert 27.09.2024, kl. 12.26 Oppdatert 27.09.2024, kl. 12.37

Read Entire Article