Nordås trekte seg etter offensive utspel: – Jakob blei så jævlig forbanna

3 days ago 5


– Jakob blei så jævlig forbanna da han hadde trekt seg frå 1500-meteren. Narve var ute i media i vår og sa liksom: «Ja, han skulle doble i NM og trudde ikkje Jakob torde å stille opp mot han på 1500». Så er det motsett, flirer Henrik Ingebrigtsen i TV-serien «Born to Run» på Amazon Prime.

Det er i den 5. episoden i serien ein får eit innblikk i kva som skjedde bak kulissane under NM i Sandnes i slutten av juni.

Jakob Ingebrigtsen vann 1500 meter fredagen utan at Nordås stilte til start. Dagen etter, før 5000-meteren, uttaler den eldste løparbroren seg.

Deretter får ein sjå eit bilde av Jakob som snur seg mot Filip Ingebrigtsen og si:

– Han er lovleg tøff i trynet han tutten.

Jakob Ingebrigtsen og Filip Ingebrigtsen varmer opp før 5000 meter under NM i Sandnes.

OPPVARMING: Jakob og Filip Ingebrigtsen før 5000 meter i NM.

Foto: Fredrik Tombra / NRK ROGALAND

Podkast-utspel: – Trur ikkje han tør

Utsegnene som det siktes til er truleg dei Nordås kom med da han gjesta podkasten «Lågterskel». Episoden blei sleppt 29. desember 2023.

Der sa han dette om NM i Sandnes:

– Eg håpar Jakob stiller på 1500 meter, viss han tør. Eg trur ikkje han tør, men vi får sjå. Det er i alle fall mine ord. Eg veit ikkje korleis han skal slå meg? Må han springe i front frå start eller?

Nordås la også til at det blei eit morosamt lokalderby mellom han frå Jæren og Jakob frå Sandnes.

Det blei berre éin duell mellom Ingebrigtsen og Nordås, da dei løp NM i Sandnes. På 5000-meteren i NM tok sistnemnde tidleg kommandoen, men med eit par rundar igjen gjekk Ingebrigtsen opp i front og såg seg aldri tilbake.

NRK har gitt Nordås høve til å svare på i samband med denne saka, men jærbuen har ikkje svart på førespurnaden vår.

Ønsker mest mogleg avstand

Ingebrigtsen-brørne og Nordås var i same treningsgruppe fram til februar 2022. Da kvitta brørne seg med Gjert Ingebrigtsen som trenar, mens Nordås og Per Svela kort tid etterpå kunngjorde at dei ville fortsette samarbeidet.

Sportsleg har det gitt Nordås kjempesuksess med VM-bronse på 1500 meter, ein personleg rekord på 3.29,47 minutt og Diamond League-siger på 3000 meter.

Forholdet til brørne Ingebrigtsen har vore betent, noko som fleire gonger har kome til syne i media. Denne sesongen har det tidvis sett hakket mindre konfliktfylt ut.

Samtidig er Gjert Ingebrigtsen – som framleis trenar Nordås – tiltalt for mishandling i nære relasjonar. Han har blitt nekta akkreditering til årets internasjonale meisterskap, som inkluderer VM innandørs, EM og OL.

Gjert Ingebrigtsen nektar for alle skuldingane.

– Vi ønsker å ha mest mogleg avstand til far vår, så mykje som mogleg. Media bruker Narve og gjengen for å bygge oppunder dramaet, som vi ikkje er interesserte i i det heile, seier Filip Ingebrigtsen i episoden.

NRK har vore i kontakt med presserådgivaren til Ingebrigtsen-brørne, Espen Skoland, som seier dei ikkje ynskjer å kommentere saka.

Publisert 03.10.2024, kl. 08.58

Read Entire Article