– Ei forferdeleg påminning om Russland sin brutalitet, seier Joe Biden om dei russiske luftangrepa mot fleire ukrainske byar.
NRK var like i nærleiken då eitt av dei slo ned i Kyiv. Tysdag melder ukrainske styresmakter at 36 sivile er drepne.
I same tale varslar presidenten i USA, som arrangerer Nato-toppmøtet i Washington, meir støtte til det ukrainske luftforsvaret.
Toppmøtet varar fram til torsdag. Frå Noreg deltek statsministeren, utanriksministeren og forsvarsministeren saman med ein delegasjon frå Stortinget.
Ifølge avtroppande Nato-sjef Jens Stoltenberg står tre saker på toppen av agendaen: styrking av alliansen si forsvarsemne, dei globale partnarskapa, og støtta til Ukraina.
– Det kjem ingen medlemskapsinvitasjon til Ukraina på dette møtet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram til NRK.
– Men det er ingen tvil om at det er lagt eit løp som gjer at Ukraina skal kunne bli medlen av Nato i framtida.
Ny diskusjon om ukrainsk Nato-medlemskap
Særleg eitt spørsmål har prega dagane opp mot toppmøtet: kor langt skal Nato gå i å love Ukraina medlemskap i alliansen, utan å sende ein formell invitasjon?
Dei siste vekene har det blitt kjempa hardt mellom Nato-landa om ordlyden i toppmøtet si slutterklæring.
Ukraina har ønska seg bindande formuleringar, medan blant andre USA og Tyskland har stått på bremsepedalen.
– Det er ei bru til medlemskap på lang sikt, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.
– Alle som trur at Nato kan bli utslite av Ukraina tek feil. Nato er klar til å støtte Ukraina så lenge det trengst.
Men Ruslan Stefantsjuk, som leiar den ukrainske nasjonalforsamlinga, etterlyste måndag at medlemskapet ikkje berre handlar om ord, men også handling.
Dei fleste har nådd to-prosentmålet
– Det er viktig at dei aller fleste europerane kan kome hit og seie at dei har nådd to-prosentmålet, seier Eide vidare.
Han viser med dette til målet om at alle Nato-land skal bruke to prosent av sitt Bruttonasjonalprodukt på forsvar.
– Så er det viktig at vi får fram at eit godt samarbeid mellom USA og EU er bra for alliansen.
Gram legger til at Nato vil ta over oppgåver som USA har hatt.
– Det ligg an til på dette toppmøtet at Nato vil ta ei sterkare koordinerande rolle i støtta til Ukraina, nettopp fordi det er så viktig for oss alle.
– Vi står i ei konflikt som varar og rekk. Det er viktig at vi har rammer for støtta, og system som gjer at vi kan støtte Ukraina så lenge det er behov for det.
Russland melder om angrep mot infrastruktur
Ukrainske dronar har angripe energiinfrastruktur og eit oljelager i to russiske regionar, melder russiske styresmakter tysdag morgon.
Guvernør Andrej Botsjarov i Volgograd-regionen seier at russisk luftvern og elektronisk krigføring blei tekne i bruk for å stoppe dronane der.
– Som følge av fallande vrakrestar frå dronar, braut det ut brann på ein transformatorstasjon i Frolovo og eit oljelager i Kalatsj-na-Donu, seier han i eit utsegn.
Tidlegare natt til tysdag meldte guvernør Vasilij Golubev i Rostov-regionen at ein av deira transformatorstasjonar stod i brann etter eit ukrainsk angrep i Rodionovo-Nesvejtajskaja.
Han hevdar at luftvernet lukkast i å øydelegge fleire titals dronar.
Flyplassane Astrakhan og Volgograd har også kansellert fleire av
Ukrainske styresmakter har ikkje kommentert utsegna tidleg tysdag morgon.
Publisert 09.07.2024, kl. 07.20 Oppdatert 09.07.2024, kl. 07.35