Nå vil «alle» studentar på utveksling: Spesielt eitt land trendar

4 months ago 56


Koalaer, kenguruar, plussgrader og høge bølger. Det er eit lite utval av kva landet «Down Under» har å by på.

Mattis Veine Karterud frå Fredrikstad var ein av 1360 som valde å utveksle til Australia i fjor.

Mens det er færre som vil til USA på utveksling, har Australia blitt trendy.

– Familien min har alltid pusha på utveksling fordi det viktig å reise og oppleve verda. Da eg fekk vite at ein kunne ta utveksling i Australia var eg heilt sikker, det var dit eg skulle, forklarer Fredrikstad-mannen.

Portrett Mattis Karterud - Fredrikstad

«SURFER-LOOKEN»: Mattis Karterud seier han har håret til ein stereotypisk australiar, og han var spent på om han ville skli inn i lokalbefolkninga.

Foto: Maria Johannessen / NRK

Vil du reise til Australia?🏄‍♂️🐨☀️

Mange ting som lokkar

– Australia er eit fantastisk land å studere i.

Det seier professor i antropologi Gro Ween. Eit av spesialfelta hennar er kulturar i Australia.

Gro Ween

Gro Ween har besøkt Australia ei rekke gonger og kan mykje om kulturane som er der.

Foto: Universitetet i Oslo

Ween trur det er fleire ting som gjer at Australia har blitt populært for utvekslarar.

– Australia har fantastisk natur og strender. Og det er store sofistikerte byar med rikt kulturelt mangfald.

Vidare trur professoren at studentane blir lokka av akademiske årsaker.

– Alle dei store byane i Australia har veldig gode universitet, gode program, og eit rikt internasjonalt studentliv.

Vil ha fleire til ikkje-engelskspråklege land

Gro Tjore er assisterande direktør i HK-dir. Ho er veldig fornøgd med at talet på utvekslingsstudentar aukar.

I 2022 var det 7175 studentar som reiste ut. I 2023 auka talet til 8085.

Gro Tjore

RETT UTVIKLING: Assisterande direktør i HK-dir Gro Tjore er strålande fornøgd med at talet på utvekslingsstudentar aukar.

Foto: direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

– Strenge restriksjonar førte til stor nedgang i pandemiåra. Men nå er tala høgare enn 2019-nivået. Det er ein veldig positiv trend, fortel Tjore.

HK-dir. har som mål at halvparten av alle studentane i landet skal ha eit studieopphald i utlandet.

Men dei ønsker at fleire reiser til samarbeidsland utanfor Europa, og stader som ikkje har engelsk som morsmål.

– Det er ein auke i utveksling til Japan. Det ser vi på som veldig positivt, forklarer den assisterande direktøren.

FOMO-generasjonen

Mange frå Generasjon Z deler livet sitt på sosiale medium.

Spesielt TikTok er ein populær app for å vlogge om utveksling. Karterud var ein av dei som aktivt delte videoar frå Australia-turen.

– Eg trur fleire får lyst å reise rundt når dei ser andre reise. Det oppmuntrar. I tillegg får generasjonen vår lett FOMO.

Mattis Karterud foran sydney huset

KJENT ATTRAKSJON: Selfie framfor operahuset er nesten obligatorisk om ein er i Sydney.

Foto: Maria Johannessen / NRK

Spesielt ein kveld hugsar Karterud skikkeleg godt.

Han hadde ein romkamerat som var frå Singapore. Ein kveld fekk kompisen besøk av både gutar og jenter.

– Ingen kjente kvarandre. Ingen drakk alkohol. Dei berre hadde det gøy og blei kjent med kvarandre, fortel Karterud.

Karterud drog til Australia for å utvide horisonten og oppleve ein ny kultur. Han angrar ikkje på at han valde å reise dit, men nå vil han reise vidare.

– Eg kjenner eg har plukka med meg det som er å hente frå Australia. Om eg kunne fått ei ny reise hadde turen gått til Sør-Amerika.

Etter å ha reist i verda skreiv Mattis Karterud ein kronikk i P3. Les den her:

Publisert 22.07.2024, kl. 21.26

Read Entire Article