Parlamentarisme:
Parlamentarisme er ei styringsform som gjer meir makt til politikarane, og mindre til administrasjonen.
I parlamentaristisk styringsform dannar ein eit råd, byråd eller fylkesråd, som har ansvar for å styre.
Kritikken mot parlamentarismen har vore at opposisjonen, som er i mindretal, har manglande innsyn og deltaking i ein slik modell.
Når parlamentarismen blir innført i Trondheim er byrådet i mindretal.
Formannskapsmodellen:
I ein formannskapsmodell er ordføraren den fremste politiske representanten, medan i parlamentarisk modell er ordføraren i større grad ein formell møteleiar og saksforhandlar internt.
Formannskapsmodell er styringsforma i fleirtalet av kommunane i Noreg. Her har administrasjonen meir makt.
I denne modellen sit nesten alle partia saman, i motsetning til i eit fylkesråd eller byråd der det er klarare skilje mellom dei som vann valet og dei som ikkje fekk eit fleirtal.
Kritikken mot formannskapsmodellen er at politikarane har mindre innflytelse, til fordel for byråkratiet i ein kommune eller fylkeskommune.