Datert: 20.11.2024
Besvart: 20.11.2024 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Det blir omtalt som ei nasjonal krise, det som no utspeler seg i dei fiskeriavhengige samfunna langs kysten, og spesielt i nord. Fiskeriorganisasjonane og industrien har gått ut og varsla at det trengst nasjonale tiltak for å møte den store krisa vi står i.

Dette er ei utvikling vi har sett over tid, men som no blir kraftig akselerert. Det er ein enorm nedgang i fiskekvoter. Tilgangen på arbeidskraft frå Aust-Europa har falt markant etter krigen i Ukraina, samhandlinga med Russland i den nordlege landsdelen har blitt heilt borte, og investeringsvilje og næringsetablering har stupt.

Menon Economics har gjennomført ein analyse av situasjonen og sett spesielt på Finnmark, men situasjonen er antakeleg heilt lik i andre delar av den fiskeriavhengige delen av kysten. Dei ser på kva konsekvensar dette vil ha for befolkningsutviklinga i nord. Dei meiner at en fram til 2030 vil ha ein nedgang i befolkninga på heilt opp til 35–36 pst. i desse samfunna. Det er allereie nedbygging av fiskemottaksstruktur og fiskeindustri på land og permitteringar. Dette er eit resultat av både fall i kvoter og ein forfeila fiskeripolitikk som sørgjer for at fisken ikkje blir handtert på land, men i større grad bidrar til sysselsetjing i andre, fjernare himmelstrøk.

For desse samfunna utgjer fiskeri og fiskeindustri opp mot to tredjedelar av heile verdiskapinga. Når ein tek det bort frå desse samfunna, når den aktiviteten blir borte, er det over. Så vi snakkar her om utradering av stolte samfunn som Berlevåg, Vardø, Loppa, Karlsøy og Senja dersom ein ikkje gjer noko med det. Kva er regjeringa sitt svar på den krisa vi står i?


Les hele debatten