Mummi fekk knokke av fem tenner etter ferjereise

1 week ago 7


Ferjeturen mellom Bodø og Moskenes blei eit mareritt for Jon Johansen og hunden Mummi.

I midten av september skulle dei heim igjen etter å ha besøkt huset til faren i Moskenes.

Men han reiste utan bil, og difor måtte Mummi vere inne på eit eige hunderom under den fire timar lange ferjeturen.

– Det er rein dyreplageri å nytte seg av fasilitetane på denne ferja, seier Johansen.

Hunderommet skildrar han som illeluktande, lite, og bråkete.

– Det er absolutt ikkje eit eigna rom. Det er eit rom nede i kjellaren ved bildekket og der er det mykje maskinstøy og fire slette vegger, og ikkje noko dagslys.

Der måtte Mummi vere inne eit stålbur med gitter. Heilt aleine.

– Ho var totalt innesperra. Og det er veldig stressande for ein hund.

Johansen fekk ikkje lov av besetninga til å sitte der inne saman med Mummi. Han prøvde å protestere og spør om han kunne sitte ute på dekk, men til inga nytte.

– Eg høyrde jo med ein gong eg gjekk derifrå at hunden peip og var veldig, veldig redd, seier han og legg til:

– Eg angrar på at eg ikkje høyrde meir på magekjensla mi og stod hardare på mitt.

Knekte fem tenner

Etter ein time fekk han lov til å gå ned og sjekke korleis Mummi hadde det.

Og då han opna metalldøra, fekk han seg eit sjokk.

– Ho hadde forsøk på å kome seg ut av buret ved å bite på gitteret og knokke i alle fall fem tenner.

Hunden til Jon Johansen, Mummi, fekk knekt av fem tenner etter at de reiste med ferga fra Moskenes til Bodø. Mummi har svart munn og rosa tunge, og på bilde av munnen henner mangler fem tenner.

Mummi har fått knokke av fem tenner. Reint dyreplageri, seier eigaren.

Foto: Privat

– Eg blei sjølvsagd veldig opprørt der og da. Tok ut hunden min, prøvde å trøyste henne og roe henne ned.

Rett etter hevdar Johansen at det kom ein frå besetninga og bad han om å gå opp att.

– Eg klarte nesten ikkje å kommunisere med han, for det er ein ganske høg lyd der nede. Så eg sa berre nei og gestikulerte til den blodpølen som samla seg frå munnen til hunden min.

Jon Johansen sammen med barn og kone, og den svarte og hvite malamutthunden Mummi på tur i Lofoten.

Jon Johansen, Mummi og familien er glad i gå på tur.

Foto: Privat

Det er Torghatten Nord som drifta ferjene som går mellom Bodø og Lofoten. Driftssjef i Torghatten Nord, Thomas Midtgard seier at dei ikkje kjenner til hendinga som Johansen skildrar.

Vi har hatt kontakt med mannskapet som var på vakt på det aktuelle tidspunktet, mannskapet vårt kjenner ikkje til hendinga, og stiller seg spørjande til heile forløpet som Johansen beskriv.

Likevel synest dei det er beklageleg å høyre at hundar ikkje trivast i hunderommet.

Les heile svaret til Torghatten Nord lenger ned i saka.

Dyr veterinærrekning

Johansen veit framleis ikkje omfanget av kor skada Mummi blei, fordi ho må ha fleire timar hos veterinæren.

– Men det er betydeleg. Førebels får ho smertestillande og blaut mat. Det er ingenting igjen av tenna. Det er ingenting å berge. Dei er nok øydelagde for alltid, dessverre.

Og veterinærutgiftene vil kosta Johansen fleire tusen kroner.

– Eg har ikkje fått noko estimat enno. Men for dei som har hundar og dyr, veit at veterinærutgifter fort kan bli dyrt. Det blir berre gjetting, men i fleire titusen kroners klassen, det kan eg garantere.

Hunden til Jon Johansen, Mummi, fekk knekt av fem tenner etter at de reiste med ferga fra Moskenes til Bodø. Mummi har svart og hvit tjukk pels og spisse ører.

Mummi må no ete blaut mat og mykje smertestillande, ifølge hundeeigar Jon Johansen.

Foto: Privat

Veterinær ved Rana Veterinærkontor i Mo i Rana, Lene Rasmussen seier at det gjer veldig vondt for hundar å knekke tenner.

– Hunder har eigentleg ganske lik smertereaksjon på tenner som vi har. Alle som har knokke ei tann ein gong veit kor smertefullt det er.

– Og det er klart, dei fleste har kanskje knokke ei tann, og denne hunden har knokke fem tenner, så eg trur ikkje ho har det noko bra.

Hunden til Jon Johansen, Mummi, fekk knekt av fem tenner etter at de reiste med ferga fra Moskenes til Bodø. Mummi har svart munn og rosa tunge, og på bilde av munnen henner mangler to tenner.

– Det å leve utan tenner byr vanlegvis ikkje på noko problem. Dei får litt dårlegare evne til å tygge bein og hardare strukturar, seier veterinær Rasmussen.

Foto: Privat

– Bør endre praksis

Veterinæren seier det ikkje er bra dyrevelferd å la ein hund vere aleine inne på eit slikt rom i så mange timar.

– Det bør dei eigentleg endre på, seier Rasmussen.

Det er ikkje første gong reisande reagera på korleis hundar blir behandla på ferja til Lofoten.

I juli reagerte svenske Ulrika Lundquist på at hundane må bli igjen i bilen på ferjeturen.

NRK har også undersøkt hva reglene til andre selskap er. Torghatten Midt har samme regler på sine ferger. På Color Line sine ferger må hunden enten være i bil eller i bur på anvist sted.

– Eg er ikkje førstemann som har sagt frå om dette. Og eg kjem sikkert ikkje til å bli den siste. Eg berre håpar at det faktisk blir tatt på alvor, sånn at det ikkje skjer med nokon andre, seier Johansen.

– Men kan du ikkje forstå at Torghatten Nord må ta omsyn til andre passasjerar som kanskje er både allergisk og redd for hundar, og at dei difor må vere inne på eit eige rom?

– Og det kan eg forstå, men då må det vere eit område som det faktisk er forsvarleg å ha dyr i.

Fergeleie til fergen som går til Lofoten fra Bodø

Det er Torghatten Nord som opererer ferjesambandet Bodø–Røst–Værøy–Moskenes.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Opplev sinte hundeeigarar

Driftssjef i Torghatten Nord, Thomas Midtgard seier at dei om reiarlag må ta mange omsyn.

Det viktigaste er sikkerheita om bord for passasjerar og tilsette. Målet vårt – og for oppdragsgivarar og myndigheiter – er at risikoen for menneskes liv og helse skal gjerast så låg som mogleg.

Han seier Vestfjord-ferjene opererer på Noregs tøffaste ferjestrekning.

Og forvirrande hundar på dekk er ein ekstra risikofaktor i ein krisesituasjon.

Han seier hunderommet blir brukt av mange hundar utan at det byr på problem.

– Eller fører til skrekkbeskrivingar eller injurierande utsegn. Hunderommet er lyst, reint og ryddig, seier han og legger til:

At støynivået i hunderommet skal vere «øyredøyvande» er ei klar overdriving.

Vidare seie han at for matrosar på ferja er misfornøgde og sinte hundeeigarar ei belastning.

Våre tilsette opplever ofte å bli skjelt ut og trua av hundeeigarar som ikkje aksepterer reglementet om bord på ferjene.

Publisert 24.09.2024, kl. 22.04

Read Entire Article