Moldovarane vel ny president: Eit val mellom EU og Moskva

2 weeks ago 6


– Sonen min bur i Tyskland, og det er eg glad for. Det er mykje betre der. Eg vil at vi skal få det like bra, seier Maria Fefilova (68) til Reuters i eit stemmelokale søndag.

Moldova var sterkt integrert i den sovjetiske økonomien, og har slite økonomisk etter at dei fekk sjølvstende i 1991. I dag er Moldova eit av dei fattigaste landa i Europa.

Landet har prøvd å ha eit godt forhold til både Russland og EU, noko som har blitt vanskelegare å balansere dei siste åra.

Ei kvinne deler flygeblad om Maia Sandu til forbipasserande.

Ei kvinne deler flygeblad om presidentkandidat Maia Sandus parti Handling og solidaritet til forbipasserande.

Foto: Vladislav Culiomza / Reuters

Moldova fekk kandidatstatus i EU i 2022, saman med Ukraina, og i oktober stemte eit knapt fleirtal ja til å bli medlem av EU.

Det var færre enn venta, og viser at Moldova er eit splitta land.

Aust eller vest, eller begge delar?

Under påsyn av sittande president og presidentkandidat Maia Sandu, har Moldova fordømt den russiske invasjonen av Ukraina og slutta seg til Vestens sanksjonar på russisk gass, noko som har prega økonomien.

I tillegg har Moldova tatt imot ukrainarar som har komme over grensa i løpet av krigen. I år er det om lag 120.000 ukrainske flyktningar i Moldova.

Ein gut sit på skuldrane til ein mann og går langs ei lang bilkø. Bak dei går folk med koffertar.

Moldova har til saman tatt imot over 1,5 million ukrainarar, som har komme over grensa.

Foto: Sergei Grits / AP

Sandu har ein tydeleg pro-vestleg og anti-russisk politikk, og vil halde fram på den same stien dersom ho får fire nye år. Målet er å bli eit EU-land innan 2030.

Motkandidat Alexandr Stoianoglo seier derimot at han ønsker «eit harmonisk forhold til både aust og vest». Han ønsker europeisk integrasjon, men meiner at EU-medlemskap ikkje er nødvendig.

Han har ikkje ønskt å kritisere Russlands krig mot Ukraina, og har opna opp for dialog med president Vladimir Putin - dersom velgarane hans støttar det.

Stoianoglo vil opne for meir økonomisk samarbeid med Russland og dermed lempe på sanksjonane på russisk gass.

Stemmeurne der ein ser ein stemmesetel nedi. Det står Maia Sandu på ei linje og Alexandr Stoianoglo på den andre.

Vallokala stenger kl. 20 norsk tid søndag.

Foto: Daniel Mihailescu / AFP

Presidentvalet søndag er både symbolsk og viktig for moldovarane.

På stemmesetelen i andre og avgjerande valrunde står det altså to namn. EU-venlege Maia Sandu og den meir Russland-venlege Alexandr Stoianoglo.

Russisk innblanding og ekte støtte

Mange av Sandus velgarar er skeptiske til Stoianoglo, som har blitt skulda for å vere ein russisk trojansk hest, noko han sjølv nektar for.

Moldovsk politi avdekte at ein israelsk-moldovsk forretningsmann som bur i Russland, forsøkte å kjøpe stemmene til over 300.000 innbyggarar.

I eit økonomisk dårlig stilt land med høg inflasjon, er det fleire moldovarar som har latt seg påverke, i bytte mot pengar.

Det viser etterforskning frå moldovsk politi.

Stoianoglo og kona. Han har på svart dress og ho kvit dress.

Alexandr Stoianoglo og kona Tvetana Kurdova i eit stemmelokale i hovudstaden Chișinău søndag.

Foto: Vladislav Culiomza / Reuters

EU stiller seg bak påstandane om at Russland har vore involvert i valet og prøvd å kjøpe stemmene til folk.

Stoianoglo seier at han ikkje har hatt kontakt med russiske tenestemenn dei siste åra, og avviser at hans parti har vore involverte i den russiske innblandinga.

Trass i at velgarar beviseleg har blitt kjøpt og betalt, har støtta til russisk-venlege kandidatar vore større enn venta.

– Mange fryktar krig

Landet har ein stor russiskspråkleg minoritet med sterke band til Russland. Samtidig er det mange som fryktar kva som skjer dersom ein vender seg vekk frå Russland – og mot EU.

– Mange fryktar krig og ønsker ein kandidat som klarer å ha eit godt forhold til Moskva, som ein garanti for at ikkje vi også blir angripne, seier Zaharovna (75) til AFP, som fortel at ho stemte nei til å bli med i EU under folkeavstemminga i oktober.

78 år gamle Leon Osevzon er pensjonist og møter nyheitsbyrået i Moldovas hovudstad Chișinău. Han stemmer på Stoianoglo i dag.

– Eg meiner at han er det einaste alternativet Moldova har viss vi skal blomstre, og bli eit fritt, sjølvstendig, suksessfullt og nøytralt land.

LEON OSEVZON i kvit jakke og kvit caps

Leon Osevzon er blant dei som meiner det er best at Moldova står åleine, utanfor EU, stemmer derfor på Alexandr Stoianoglo søndag.

Foto: Reuters

Spenning i Transnistria

Langs austgrensa til Moldova, mot Ukraina, ligg utbrytarrepublikken Transnistria. Området erklærte seg uavhengig etter oppløysinga av Sovjetunioen.

Ei folkeavstemming i 2006 viste at 97 prosent av innbyggarane ønsker at regionen skal bli ein del av Russland.

Det er Moldova sterkt imot. Dei ønsker verken at Ukraina skal få ein russisk nabo i vest, eller at dei sjølv skal få ein russisk nabo i aust.

Dei nærare halv million innbyggarane som bur i Transnistria, er derfor spente på valets utfall. Blir EU-venlege Maia Sandu vald til ein ny presidentperiode, kan Russland få ein svakare posisjon i Transnistria.

Ei dame går forbi ein murvegg med bilete av ein soldat og ei stjerne.

Ei kvinne går forbi Russlands militære hovudkvarter i Transnistria. Moldova er imot at russiske soldatar har nærvær i utbrytarrepublikken.

Foto: Dmitri Lovetsky / AP

Såkalla EU-venlege politikarar, inkludert Sandu, fekk 650.000 stemmer i den første valrunden. Mange av stemmene kom frå utlandet, der over ein tredjedel av moldovske statsborgarar der.

850.000 stemde på Stoianoglo og andre politikarar som har gått til val på auka sjølvstende. Det var meir enn forventa.

Sandu fekk derimot flest enkeltstemmer. Men fordi ho ikkje fekk fleirtalet, altså over 50 prosent av stemmene, blei det ein andre runde 3. november.

Stemmelokala stenger klokka åtte norsk tid søndag.

Maia Sandu går på ei gate med beige kåpe

Maia Sandu er leiar for Partiet for handling og solidaritet, og har vore president i Moldova sidan 2020.

Foto: Vladislav Culiomza / Reuters

Publisert 03.11.2024, kl. 16.31

Read Entire Article