Mistenkjer ekstrem kattemishandling: – Den var vrengt som ein genser

1 month ago 10


Malene Vik Djupvik og dei andre i organisasjonen Potespor var eigentleg på leiting etter ei gås med ein skada fot, men brått såg dei noko kvitt som låg og duppa i sjøen.

Det viste seg å vere restane av ein katt, som mangla både innvolar, hud og pels. Den døde katten hadde berre urinblære, tarm og musklar.

– Det var gjort noko umenneskeleg. Det er brutalt, og vi har fått stadfesta at det er folk som har gjort det, seier Djupvik.

Katt full blur

Sveip for å sjå usladda bilde. Bildet er sladda av NRK.

Foto: Privat
Mistenkjer ekstrem kattemishandling, usladda versjon

Denne katten blei funnen i 2023.

Foto: Privat

– Fleire tilfelle

Katten som blei funnen no er slett ikkje den første. Frå 2020 og fram til no har dei til saman funne fem kattar som truleg er utsette for grov mishandling frå menneske.

Fire av dei fem kattane er flådde, og tre av dei er funne i sjøen.

– Funna hadde sett annleis ut om det var dyr som hadde teke kattane. Då hadde det vore restar av hud og pels. Men dette er annleis, seier Djupvik.

Malene Vik Djupvik

Malene Vik Djupvik er med i ein dyrevelferdsorganisasjon for Vestnes og Rauma.

Foto: Privat

– Tydeleg torturert

Alle kattane har blitt undersøkt av veterinærar i dyreklinikken Nebb og Klør på Skodje i Ålesund. I to av tilfella har veterinærane undersøkt dei døde kattane. I dei tre andre tilfella har veterinærane studert bilete.

Dagleg leiar Sheryl Shepard er ikkje i tvil om at kattane er mishandla av menneske.

Sheryl Lunn Spencer

Veterinær Sheryl Lynn Spencer i dyreklinikken Nebb og Klør er sikker på at menneske har mishandla kattane som er funne døde i Vestnes.

Foto: Dag Olsen / Nebb og Klør

– Vi er sikre på at det er menneske som står bak dette. Kattane er tydeleg torturerte. Det er reine snittflater. Skadane er heilt annleis enn om det hadde vore gjort av for eksempel hund eller rev.

Det kan ikkje ha vore dyr som har gjort dette?

– Nei, nei. Her er det menneske som står bak. Eg får vondt innvendig når eg ser slikt. Men dessverre finst det menneske som er i stand til å gjere dette. Vi håper vi kan finne ut kven som står bak.

– Pels vrengt som ein genser

Djupvik seier at det tilfellet som har gjort aller størst inntrykk er frå 2022. Dette funnet bar preg av at ein eller fleire gjerningspersonar hadde lagt arbeid i å vrenge skinnet med pels ut inn.

– Den var vrengt som ein genser. Det er ikkje småtteri, for det er nokon som fysisk har tatt ein katt og vrengt den. Det er nokon som har valt å flå eit kjæreledyr.

Katt full blur

Sveip for å sjå usladda bilde. Bildet er sladda av NRK.

Foto: Privat
Mishandlet katt Vestnes.

Denne katten blei funnen i 2022.

Foto: Privat

Har lagt bort sakene

Cecilie Utstumo, som er politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at dei har fått politimeldingar på fleire av sakene, men foreløpig ikkje på den siste saka som skal ha skjedd i august.

– Sakene som har blitt meldt til politiet er lagt bort på grunn av mangel på opplysningar om gjerningsperson eller på grunn av bevisets stilling, seier ho.

Men ho fortel at folk må ta kontakt om dei har opplysningar.

– Politiet kan bestemme å ta opp att sakene dersom det kjem ny informasjon.

– Kor alvorleg er det om menneske har gjort dette?

– Vald mot dyr er straffbart og noko politiet tek på alvor. Det er ei strafferamme på bot eller fengsel inntil tre år, så dersom det viser seg at det at det er det som har skjedd, så er det noko politiet tek på alvor, seier ho.

Hjarteskjerande

Det er ikkje før no at Djupvik og dei andre i organisasjonen har valt å gå ut med kor alvorleg dei meiner saka er.

– Det er hjarteskjerande. Og det er skummelt å vite at ein person eller personar har så kaldt hjarte at dei kan gjere noko slikt mot eit dyr, seier ho og fortset:

– Det er så brutalt. Vi fryktar det kan vere fleire tilfelle enn dei vi har funne. Vi har kome til eit punkt der folk må få vite kor brutalt det er. Det er ikkje bere ein død katt, det er nokon som har valt å ta eit kjæledyr.

Funn av død katt

Her har medlemma i organisasjonen Potespor funne ein katt som er flådd. Funnet er gjort i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.

Foto: Potespor

–Kva håper de at det kjem ut av dette?

– Vi håper nokon tør å seie frå. Dersom dei veit noko eller har sett noko, så kan det vere viktig, seier Malene Vik Djupvik.

Publisert 28.08.2024, kl. 13.24

Read Entire Article