Ambulansefagarbeidar Camilla Arseth Holte trykker gasspedalen heilt til den treffer gummimatta i den nye ambulansen.
Speedometernåla trekker sakte opp frå 87 til 88 kilometer i timen.
– Eigentleg burde eg hatt ei fart på rundt 130 kilometer i timen no, seier Arseth Holte medan sirenene uler på taket og bilen dreg seg opp Ellingsøytunnelen i Ålesund.
Det har skjedd noko med ambulansane dei siste åra. Dei går saktare.
Miljøkrav bremsar farta
Jon-Ola Wattø er avdelingssjef for prehospitale fellestenester i Helse Midt-Noreg. Éi av oppgåvene hans er å kjøpe inn ambulansar til hele landet.
– Vi får gjort jobben vår og pasientane skal vere like trygge som før. Men vi har ikkje tilgang på ekstra krefter slik vi hadde tidlegare, seier Wattø idet han «poppar» panseret på ein ny Volkswagen crafter.
Samme type bil som akkurat drog seg opp den bratte tunnelen i 88 kilometer i timen. Mangelen på kraft ligg under panseret.
– Årsaka er miljøkrav som EU har stilt til bilprodusentane. Utsleppa skal ned.
Mindre motor gir mindre fart
For å få ned utsleppa frå nye bilar, har bilprodusentane sett inn mindre motorar. Medan dei gamle ambulansane hadde ein treliters motor, har dei nye ein toliters motor.
På norske vegar er det bratte bakkar, smale parti med mange nedslakkingar og behov for å raskt auke farta igjen. Med mindre motor blir jobben for sjåføren meir krevande.
I Ellingsøytunnelen har Camilla Arseth Holte fått bilen opp i 94 kilometer i timen.
– Viss eg kunne gitt på litt meir, så hadde det vore lettare å komme raskare forbi og eg slapp å planlegge så mykje som eg må no, seier ho.
For liten kunde
Noreg kjøper inn litt over hundre ambulansar i året. Det er for lite til å legge press på bilprodusentane for å få spesiallaga bilar med større motor.
– Eg trur det er vanskeleg å gjere noko med før vi får elbilar som kan brukast som ambulansar, seier Wattø.
Han presiserer at dei ikkje har noko ønske om å være først ute med slike bilar. Foreløpig er ikkje rekkevidda god nok.
Møller Bil er merkeforhandlar for Volkswagen i Noreg. Dei viser til at dei leverer bilar ut frå anbodskriteria dei har fått.
Publisert 28.08.2024, kl. 15.10