Militærøving på fiskefelta: – Russland er ein bøllestat

1 week ago 10


– Det er nok av andre plassar i Barentshavet ein kan vere, seier Odd Kristian Dahle i Fiskebåt, som er forbundet til den norske havfiskeflåten.

– Dei bør skyte der det er atskilleg færre båtar og mindre konflikt enn det vi ser her, legg han til.

Nyleg skaut eit russisk krigsskip varselskot mot ein norsk fiskebåt.

Dei norske fiskarane var i var nord for Vardø i norsk økonomisk sone da dei blei jaga av russarar.

Odd Kristian Dahle

Odd Kristian Dahle er informasjonsleiar i forbundet Fiskebåt.

Foto: Remi Sagen

– Bøllestat

Dahle i forbundet for havfiske meiner at det er blitt fleire militærøvingar i området dei siste åra

– Dette er provoserande, og det burde vere unødvendig å legge skyteøvingar midt i dei beste fiskefelta når det er stor aktivitet, seier han.

Han får støtte av redaktør Thomas Nilsen i avisa The Barents Observer.

– Eg må rose fiskarane som står på sin rett til faktisk å fiske.

Thomas Nilsen, redaktør i The International Barents Observer.

Thomas Nilsen, redaktør i The International Barents Observer.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Redaktøren meiner at den russiske Nordflåten kunne ha øva lengre aust, slik dei gjorde under den kalde krigen.

Men Russland er ein bøllestat, og dei tar seg til rette lengre og lengre vest i norsk økonomisk sone, seier Nilsen

400 krigsskip

Russland hadde med seg Kina på øvinga som president Vladimir Putin kalla den største i sitt slag på 30 år. Ifølge russiske myndigheiter var over 400 krigsskip og 120 fly og helikopter med.

Norske forskarar meiner at det ikkje finnast så mange skip i den russiske marina.

​​​​​​​​​​​​​​Krigsskipet «Admiral Levchenko» i 2018.

Jagaren «Admiral Levchenko» som jaga fiskarane frå Aukra hadde mange andre krigsskip i ryggen.

Foto: Privat/Øystein Orten / Privat/Øystein Orten

Odd Kristian Dahle i Fiskebåt meiner uansett at slike øvingar burde vore varsla betre.

– Ofte blir slike øvingar varsla med to til tre dagars varsel. Det er veldig kort tid for fiskebåtar som ligg på eit fiskefelt der det er godt fiske.

Kystverket seier at dei varslar med ein gong dei får beskjed om øvinga frå russarane.

– Dei meldingane vi får frå Russland, sender vi stort sett uavkorta på våre kanalar. Så vi sit ikkje på meldingane lenger enn nødvendig, seier Ståle Sveinungsen, sjef for Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø.

Kan skje oftare

Og norske fiskarar kan kome til å møte russiske militærfartøy oftare. Den russiske nordflåten flyttar stadig på seg, visar forsking.

Dette kan bety fleire øvingar i Barentshavet.

Arild Moe, FNI

Arild Moe, seniorforskar Fridtjof Nansens institutt.

Foto: Privat

Arild Moe, seniorforskar på Fridtjof Nansens Institutt, meiner episoden 12. september viser den tilspissa situasjonen mellom aust og vest.

– La oss seie det slik, det blir ikkje vist meir omsyn enn strengt tatt nødvendig. Dei spør jo ikkje fiskerimyndigheitene om tillating, men dei kan vere interessert i å unngå friksjon.

Vil stå på sitt

Reiar og styrmann Øystein Orten, som nyleg blei jaga av eit russisk krigsskip, meiner at norske styresmakter må seie klarare ifrå til russarane om at dei ikkje må sabotere næringsverksemd når dei har øvingar i internasjonalt farvatn.

– Vi er eigentleg ikkje så interessert i å øydelegge heile dagen vår fordi dei skal tulle og leike krig.

 Øystein Orten (til venstre) og tvillingbror Torstein eig MS Ragnhild Kristine.

Øystein Orten (til venstre) og tvillingbror Torstein eig MS Ragnhild Kristine.

Foto: Privat

Han seier dei fiskar på dette fiskefeltet stort sett heile hausten.

– Det har ikkje vore noko problem for dei å legge skyteøvinga 20 -30 mil lenger nord om hausten. Så det er ein stille protest. Vi kjem til å handle på akkurat same måte om dette skjer igjen, seier han.

Publisert 29.09.2024, kl. 11.38

Read Entire Article