Jølstravatnet, 30. juli 2019:
Høgt oppe i fjellet ligg jordmassar, vegetasjon og berggrunn.
Lag.
På lag.
Og desse laga held godt fast i kvarandre under normale vêrforhold. Dei toler vind, regn og temperatursvingingar.
Men oftare og oftare kjem det farlege styrtregnet. Som på denne julidagen. Og når dei konsentrerte vassmengdene blandar seg inn i dei bratte fjellsidene, aukar sjansen for at dei ulike laga ikkje klarer å halde fast i kvarandre.
Ved botnen av fjellet ligg ein bilveg, og bilvegen er akkurat opna for trafikk.
Dei våte, tunge jordmassane slepper plutseleg taket og begynner å gli.
I starten er skredet ti meter breitt. Så renn det ned eit bratt heng og veks i breidda, til 40 meter. Det ballar på seg, bokstavleg talt, og brått er skredet 80 meter breitt.
Ein bil køyrer langs vegen der nede. Ingar Sægrov vil heim til kona si, og han anar ikkje kva som skjer rett over han.
Når skredet er nesten nede på vegen, er det 100 meter breitt, og no forstår sannsynlegvis Ingar kva som er i ferd med å skje – viss han kikkar ut ruta, til høgre og litt oppover.
Det farlege styrtregnet
Tysdag er det fem år sidan ekstremvêret råka Jølster i Sunnfjord og Hyen i Gloppen. Ein mann omkom, og skadane var enorme.
Femårsdagen kjem berre dagar etter at tettstadane Hvidtsten i Akershus og Bø i Telemark har opplevd liknande og svært lokalt styrtregn.
Felles for alle tre: Det kom brått og uventa. Meteorologane strevar med å melde kvar slikt vêr vil treffe.
Styrtregn, skred og flaum er blitt ein del av nyheitsbildet. Uvêret kan ta liv. 46 døydde i Brasil i 2023. Nokre månader seinare mista 15 menneske livet i Kina,
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er tydelege: Global auke i både temperatur og styrtregn gjer at jordskredfaren blir større.
Men nøyaktig kva bratte fjellsider styrtregnet vil treffe, er nesten umogleg å vurdere. Meteorologane sine modellar kjem framleis ikkje tett nok på landskapet.
– Det er der vi feilar mest, men det er også eit av dei viktigaste fenomena me varslar, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
For ei styrtregn-bye er veldig lokal, og treng ikkje vere større enn fire gonger fire kilometer. Fagerlid hugsar uvêrsdagen i Jølster i 2019.
– Vi skulle ikkje lenger enn til Ålhus før du hadde langt betre vêr enn det som var på Vassenden.
Ålhus ligg åtte kilometer unna Vassenden.
Skjer oftare
– Det var gjørme, brunt vatn og veldig mykje tre som låg knekte i vatnet.
Siv Seljesæter er jordskredvarslar i NVE. Dagen etter at Jølster og Sunnfjord blei råka av 166 små og store skred, såg ho kaoset frå helikopter.
– Eg tenkte at det var veldig mykje som hadde skjedd på kort tid.
Det er sjeldan at styrtregn skapar så farlege situasjonar, men det skjer oftare og oftare. NRK fortalde i vår om auken i styrtregn, som Norsk klimaservicesenter allereie no ser.
Aldri heilt trygt
Meteorologisk institutt sine prognosar prøver Yngve Midttun i NVE å forvandle til jordskredvarsel. Det er utfordrande.
– Med styrtregn så er det vanskeleg å vite kor det kjem, seier han.
Dermed kan det komme skred «så godt som kor som helst» når det kjem nok vatn, i bratt nok terreng, forklarer han.
– Kan me rassikre oss heilt vekk frå dette problemet?
– Då må ein fort legge all vegar inn i tunnel.
«Nei» er altså svaret.
Hjelp frå KI?
På Meteorologisk institutt blir modellane stadig betre, men framstega går sakte. Geir Ottar Fagerlid har særleg eitt håp for framtida:
– Innanfor maskinlæring er det store moglegheiter for å ta historiske prognosar og sjå korleis resultatet blei.
Då er håpet at det kan bli enklare å varsle, og at varsla blir sikrare. Sjølv i ein ny klimakvardag med meir styrtregn.
Publisert 30.07.2024, kl. 11.38