Sjølv om sola no skal vise sitt blide åsyn også i sør, har det så langt vore vått og kaldt i store deler av Noreg i juli.
Og det var det i fjor også.
Det har skuffa fleire og mange vêrsjuke nordmenn har flykta landet.
Ekspertane seier vi må få ned forventningane til sommarvêret.
– Det handlar mykje om flaks og tilfeldigheiter. Og slik har det alltid vore, seier metorolog Terje Alsvik Walløe.
– Vêret i Noreg er komplekst. Få ned forventingane, oppfordrar meteorologen.
Det er klimaforskar ved Meteorologisk institutt Hans Olav Hygen einig i.
– Det er stygt å seie ja til det, men vi er nok inne på noko. Den vanlege gråe og vekslande sommaren gløymer vi.
Meir nøgde i nord enn i sør
Men ei gruppe har lov til å klage. På Austlandet har det vore spesielt vått i år.
Tal frå Meteorologisk institutt viser at sommaren i år, frå 1. juni og til no, har vore den tredje våtaste sommaren sidan 1937 i Oslo.
Det er ikkje noko systematikk i sommarvêret dei siste åra. To veldig våte somrar på rad er heilt tilfeldig, seier Walløe.
– Eg blir overraska om det blir like vått neste år.
I år er det Nord-Noreg som har vêr-vinnaren i juli. Sommaren i Tromsø er til no den fjerde varmaste sidan 1920.
– Det viser at vêret i Noreg er komplekst.
Men austlendingane har noko å lære frå dei i nord. For gjennomsnittstemperaturen i juli har nemleg vore høgare i sør enn i nord.
– Likevel er dei i nord meir nøgde med vêret enn her på Austlandet. Så det handlar litt om kva ein forventar, seier meteorologen
Ein svale gjer ingen sommar
På grunn av klimaendringane kjem det til å bli våtare og varmare framover.
Men det gråe, triste sommarvêret det til tider har vore dei siste åra er ikkje nødvendigvis den nye normalen, seier ekspertane.
– I framtida ser vi både meir nedbør og høgare temperatur. Ein ser ikkje dette jamne regnet som vi har sett i år, men meir ekstremt regn. Raskare og bråare utvikling, seier Hygen.
Altså litt høgare temperatur, og meir styrtregn. Men det kjem ikkje vi til å merke over natta.
– Det er store variasjonar frå år til år, og det forventar vi skal skje framover også, legg han til, legg Hygen til.
Publisert 17.07.2024, kl. 22.12