To chilenske menn i 20-åra og 30-åra blei først arresterte for tjuveri på Bergen lufthavn Flesland på fredag. Dei skal då ha vore på veg til heimlandet.
Med dei var ein 14-åring, som er fornærma i saka.
Laurdag blei mennene varetektsfengsla fram til 8. november, sikta for tjuveri og for menneskehandel, der politiet mistenker tvangsarbeid.
– De to som er arresterte og varetektsfengsla, er òg sikta for tjuveri. Så tvangsarbeidet er knytt opp mot det, seier politiinspektør Sylvia Myklebust i Vest politidistrikt til NRK.
– Forstår eg deg riktig at 14-åringen også skulle drive med tjuveri?
– Det er det som er hypotesen til politiet, seier Myklebust til NRK.
Mennene har vore i innleiande avhøyr hos politiet. Ifølge forsvararane Tore Johan Sørland og Einar Råen vedgår dei ikkje straffeskuld for menneskehandel.
– No ligg det føre ei sikting for menneskehandel, som er ei alvorleg straffebestemming. Me tar saka alvorleg og etterforskar med tyngde, seier Myklebust.
Registrert i Noreg før
I helga sa forsvararane til NRK at dei to sikta er kameratar, som hadde vore på ein ferietur i Europa og skulle fly heim då dei blei arresterte.
Laurdag fekk dei to brev- og besøksforbod og delvis isolasjon overfor kvarandre. Politiet meiner det er fare for unndraging og bevisøydelegging.
Myklebust seier det er omstenda rundt saka som gjer at dei to blei sikta for menneskehandel.
– Omstenda generelt rundt det som skjedde og personane som er involvert, og opplysingar rundt det, seier Myklebust.
Politiet ønsker ikkje å gå ut med nasjonalitet på 14-åringen. Dei etterforskar kva relasjon 14-åringen har til dei to mennene.
– Har dei vore på reise i andre land før dei kom til Noreg?
– Det har dei nok, og så må me gjennom etterforsking prøve å kartlegge kor dei har vore før, seier Myklebust.
Ho seier politiet har kjennskap til den eine mannen frå før.
– Den eine mannen har vore registrert tidlegare i Noreg, utan at eg kommenterer noko meir på det, seier Myklebust.
Blir tatt hand om av barnevernet
Ifølge bistandsadvokaten til guten, Kjetil Ottesen, har guten ikkje forklart seg for politiet enno. Han skriv til NRK at klienten hans blir tatt vare på.
Dette stadfestar politiinspektør Myklebust.
– Politiet har snakka med han, men har ikkje hatt formelt avhøyr endå, seier Myklebust.
Ho ønsker ikkje å kommentere kva guten sa i samtalen, og seier dei vil avhøyre den fornærma så fort som mogleg. Dette vil skje som tilrettelagt avhøyr.
– Det står att også andre etterforskingsskritt i tillegg, seier Myklebust.
Ho seier 14-åringen blir tatt hand om av barnevernet i Noreg.
– Vil det bli eit samarbeid med barnevernet der han er ifrå?
– Det er for tidleg å seie endå, seier Myklebust.
Publisert 14.10.2024, kl. 13.09