Melania Trump forsvarar retten til abort

3 days ago 3


Berre ein månad før det amerikanske presidentvalet, kjem USAs tidlegare førstedame Melania Trump med ein sjølvbiografi.

I boka går ho langt i å forsvara kvinners rett til å bestemma over eigen kropp, skriv The Guardian, som har fått tak i eit eksemplar.

– Det er avgjerande å garantera at kvinner har autonomi til å bestemma om dei vil ha barn, basert på eigne meiningar og utan innblanding eller press frå styresmaktene, skriv Melania Trump i boka.

Donald Trump og Melania Trump

Donald og Melania Trump under eit arrangement tidlegare i år.

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Forsvarar retten til abort

Den tidlegare førstedama har sjeldan vore open om dei politiske synspunkta sine tidlegare.

I sjølvbiografien som kjem ut neste tysdag, uttrykker ho meiningar som står i sterk kontrast til politikken mannen hennar fører og som bryt med Det republikanske partiet sitt konservative syn på abort.

– Kvifor skal nokon andre enn kvinna sjølv ha makt til å bestemma kva ho gjer med kroppen sin? Kvinnas grunnleggande rette til individuell fridom, til eiga liv, gir ho retten til å avbryta svangerskapet om ho ønsker det, skriv Melania Trump.

I juni 2022 oppheva USAs høgsterett rettsavgjerda Roe mot Wade, som sidan 1973 hadde sikra amerikanske kvinner retten til fri abort.

Mens Trump var president, utpeikte han tre av høgsterettsdommarane som bidrog til å oppheva Roe mot Wade, til abortmotstandarane si store glede. Dermed er det opp til kvar delstat om abort skal vera lov eller ikkje.

Les meir om abort i USA her:

Vil legga ned veto mot ny abortlov

Donald Trump har tidlegare vore uklar på om han kjem til å støtta ei ny nasjonal abortlov dersom han vert president.

Tysdag kunngjorde han at han kjem til å legga ned veto mot ei slik lov, om han vinn valet.

– Alle veit at eg ikkje under noko omstende vil støtta eit føderalt abortforbod, og eg vil faktisk legga ned veto mot det, fordi det er opp til delstatane å bestemma basert på kva veljarane ønsker, skreiv Trump på sosiale medium.

Meldinga kom midt under debatten mellom visepresidentdebatten mellom Tim Walz og J.D. Vance.

«Min kropp, mitt val»

I sjølvbiografien uttrykker Melania Trump også at ho er ueinige med nokre av ektemannen sine synspunkt på innvandring, fordi ho sjølv ikkje er frå USA.

Ho går også langt i å forsvara personleg fridom, og knyter retten til abort direkte opp til dette.

Slagordet «Min kropp, mitt val» vert ofte assosiert med aktivistar og dei som stiller seg på «pro choice»-sida i den amerikanske debatten, skriv ho i boka.

– Men viss ein tenker seg om, gjeld «Min kropp, mitt val» begge sider – ei kvinnes rett til å ta sjølvstendige val som angår hennar eigen kropp, inkludert retten til å velja livet. Personleg fridom.

Publisert 03.10.2024, kl. 08.29 Oppdatert 03.10.2024, kl. 08.33

Read Entire Article