Dette kjem fram i ei stor klagesak i Mattilsynet. Den har versert hos saksbehandlarane i over to år. Endeleg dom frå tilsynet er tydeleg. Lerøy har ikkje berre brote dyrevelferdslova. Overtrampet er grovt. Og det handlar om termisk avlusing.
Overkøyring
Mattilsynet meiner altså at Lerøy braut lova for å auke profitten. Oppfordringa frå fagfolka var å slakte ut fisken for å få slutt på lidingar påført av lakselus. Men da ville inntektene gått ned. Lerøy valde i staden å køyre over fiskehelsepersonellet. Laksen blei behandla med varmt vann og ståande i merdane for å få opp slaktevekta.
«Dere har hatt en økonomisk fordel ved å bryte dyrevelferdsloven, ettersom hver enkel behandling betød at fisken var nærmere å oppnå slakteklar størrelse».
Dette skriv Mattilsynet i det endelege vedtaket som blei gjort i sommar.
Høg risiko
Saka starta i januar 2022. Da var det høgt lusepress på Lerøys anlegg Skorpo i Hardanger. Så høgt at leiinga ønskte å gjennomføre termisk avlusing. Det vil seie at laksen blir køyrd gjennom varmt vatn for at lusa skal sleppe taket. Behandlinga blir rekna som belastande for laksen. Brønnbåten «Seihav» blei hyra inn for å gjere jobben.
Men Lerøy-leiinga fekk raudt lys frå dei som skal sørge for god dyrevelferd. Fiskehelsepersonellet sa nei.
«Behandlingene var frarådet av dyrehelsepersonellet som vurderte risikoen som høy».
Dette kjem fram i dokumenta i saka som NRK har innsyn i.
Massedød
Men produksjonsleiinga hos Lerøy bestemte at det var den som hadde ansvaret for avgjerda, ikkje fagfolka. Både i januar og i slutten av april 2022 trassa leiinga oppfordringane om å droppe avlusinga. Sjølv om ho ikkje hadde veterinærmedisinsk kyndigheit.
«Produksjonsledelsen hadde ikke bedre faglige forutsetninger for å vurdere den dyrevelferdsmessige risikoen ved behandlingene enn dyrehelsepersonellet, men valgte å fravike dyrehelsepersonellets råd.»
Som følge av behandlingane døydde minst 23.620 fisk. Totalt blei 405.655 laks behandla i januar og april.
Lerøy Sjøtroll eig Skorpo. Dagleg leiar Morten Fjæreide seier at dei den gongen var ueinige med Mattilsynets forståing av regelverket. Dette har endra seg nå.
– Dette er hendingar vi helst skulle vore forutan. Ingen er tente med at fisk døyr, seier han.
Sjå fleire kommentarar frå selskapet nedst i saka.
Særleg sårbar
Lerøy fekk opphavleg eit gebyr på 531.995 kroner for brot på dyrevelferdslova. Mattilsynet skriv:
«Vi mener at overtredelsene var grove i lys av at behandlingene ville medføre stor påkjenning for fiskene som var svake på tidspunktet for behandlingen og dermed særlig sårbar.»
Tilsynet meiner det er skjerpande at behandlinga blei gjort trass i fagfolkas fråråding. Og viser til at den andre behandlinga blei gjennomført trass i svært høg dødelegheit etter den første runden.
Produksjonsleiinga burde ha forstått risikoen og kan derfor klandrast.
Henning Beltestad er konsernsjef i Lerøy Seafood Group. Omsetninga i selskapet nådde nye rekordar i 2023. Den var på 30,9 milliardar kroner. Driftsresultatet enda på 3,3 milliardar.
Meir alvorleg
Trass i god økonomi aksepterte ikkje Lerøy gebyret. Grunde Bruland, ein av dei fremste sjømatadvokatane i landet, blei sett på saka. Som blei klaga på og sendt til Klagesakseininga. Dette er den høgaste instansen hos Mattilsynet. Først i
sommar blei saka avgjord.
Lerøy fekk ikkje medhald. Tvert om.
«I herværende sak forelå det en risikovurdering som ble overprøvd av produksjonsledelsen. Vi mener at slik overprøving, med et økonomisk motiv bak beslutningen, er mer alvorlig enn manglende innhenting av en risikovurdering.»
Vidare i vedtaket:
«Klagesaksenheten legger til grunn at fortjenesten langt har oversteget 531.995 kr.»
«Vi mener at beløpet burde vært satt høyere i denne saken.»
«Oppsummert er det tale om to grove hendelser (..)»
Mattilsynet, region Sør og Vest behandla den opphavlege klaga. Seniorinspektør og veterinær Christine Pettersen meiner avgjerda er prinsipielt viktig:
– Ei alvorleg sak. Dette er eit viktig vedtak for å gjere tydeleg den sentrale rolla til fiskehelsepersonellet ved vurderingar knytt til helse- og velferd ved behandling av fisk.
God dialog
Morten Fjæreide hevdar at Lerøy tar fiskevelferd på høgaste alvor. Han skriv dette til NRK:
«Hendingane som de refererer til er to behandlingar som er utførte på ulike merdar med ulike fiskegrupper, så det er ikkje snakk om behandling av den same fisken. Da hendingane skjedde, var tolkinga vår av regelverket at det var forsvarleg å gjennomføre avlusing etter ei totalvurdering av situasjonen og fiskehelsa.
I etterkant av hendingane, har ansvarsforhold mellom dyrehaldar og fiskehelsepersonell blitt tydelegare definert. Ingen behandlingar mot lus i Lerøy i dag blir igangsette utan at fiskehelsepersonell har funne det forsvarleg.
Vi har god dialog med Mattilsynet, og nå har vi ei felles forståing av regelverket når det gjeld behandling av fisk.»
NRK har to gonger bedt Lerøy kommentere påstanden om at profitt gjekk føre dyrevelferd i denne saka. Dette har ikkje selskapet svart på.
Hei!
Vi jobber for tiden mye med saker om oppdrettsnæringen. Har du tips til oss, eller vet noe om næringen som du synes vi bør kjenne til eller sjekke ut? Send oss gjerne en e-post! Eventuelt kan du ringe oss på 95.22.30.63. Det samme nummeret kan du bruke på den krypterte appen Signal.
Publisert 12.08.2024, kl. 08.59