Meiner klimaavgift fører til meir utslepp – ikkje mindre

4 months ago 24


På eit anlegg ikkje langt frå eit digert kjøpesenter i Ålesund, ligg Tafjord kraftvarme. Her tek dei i mot søppelet frå Ålesund og områda rundt.

Her tek vi imot avfall som ikkje kan materialgjenvinnast eller brukast om igjen, Irene Vik, dagleg leiar Tafjord Kraftvarme.

Søppelet blir brent, og varmen frå anlegget blir brukt til fjernvarme, for å varme opp Ålesund.

På Tafjord fjernvarmeannlegg i Ålesund sit dei på eit kontrollrom og følgjer med på omnane der dei brenn søppel.

Her følgjer dei med på dei to omnane der søppelet blir brent. I tillegg har dei kontroll over fjernvarmeanlegget i Ålesund.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Dårleg miljørekneskap

Anlegget får mindre søppel enn det dei gjorde før, som fører til at dei vil gå i millionunderskot i åra framover.

Grunnen til at dei får mindre søppel er ikkje fordi det ikkje bli kasta like mykje, men fordi det er blitt dyrare å brenne søppelet, på grunn av ei avgift.

Etter at regjeringa innførte denne avgifta, så har det blitt billegare å sende søppelet til Sverige, til dømes.

Avgifta vart innført som eit miljøtiltak, fordi røyken frå fjernvarmeanlegga slepp ut CO₂. Administrerande direktør i Tafjord kraftvarme meiner tiltaket treff dårleg.

– Det er jo litt kortare transport for lokalt avfall til her i Ålesund enn å sende det med bil heilt til Sverige. Så eg trur alle ser at det er eit dårleg miljørekneskap, seier Irene Vik.

På Tafjord sitt fjernvarmeanlegg i Ålesund kan du sjå ei klo som har ei stor neve med søppel i seg. Den skal sorterast.

Dette søppelet ender til slutt opp som varmtvatn i dusjen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Frå 2022 til 2023 gjekk dei frå 95 000 tonn søppel i året, til 72 000 tonn.

Då kjem vi til å bygge ned forbrennings­kapasiteten vår og innføre tiltak som ei varmepumpe, for å kunne oppretthalde leveringsplikta på fjernvarme. Ei varmepumpe går på straum, så då bidrar vi ikkje til å avlaste straumnettet, men belastar i staden, seier ho.

Kritisk for dei som driv med fjernvarme

Oda Therese Gipling som er dagleg leiar i Norsk fjernvarme, seier denne avgifta er kritisk for alle som driv med fjernvarme.

Ho seier at mange av bedriftene jobbar for å gjere miljøvenlege tiltak. Men når dei må betale meir pengar i avgifter, går dette ut over miljøsatsinga.

– Den svekker moglegheita som anlegga hadde til å gjere miljøvenlege investeringar. Den er no totalt borte, med at avgifta er auka med over 85 %.

Gipling meiner også at avgifta går ut over beredskapen. Fordi fleire fjernvarme­bedrifter no må belaste straum­nettet, for å kunne levere varme.

Det gjeld også Tafjord Kraftvarme, som i vinter måtte ta i bruk straum for å levere varme til Ålesund.

Finansdepartementet som har ansvar for denne avgifta, seier dei ikkje har moglegheit til å stille til intervju om denne saka. Men dei skriv dette i ein e-post til NRK.

– Få ut plasten

Irene Vik i Tafjord kraftvarme, meiner vi i staden bør jobbe meir for å få sortert ut plasten frå søppelet.

Det er plasten som sørgar for dei fossile CO2-utsleppa. Vi vil heller ikkje ha plast i omnane våre. Dei fører både til slitasje og dårlege utslepp.

Irene Vik står framfor anlegget til Tafjord fjernvarme i Ålesund. Ho har på seg ein blå hjelm.

Irene Vik seier dei jobbar for at det meste dei produserer inne på Tafjord kraftvarme, skal bli noko nytt. Blant anna varme til hus. Metallet som ikkje brenn opp, blir sortert ut og sendt til eit anna attvinningsanlegg.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ho meiner avgifta som regjeringa har innført på søppelet, ikkje fungerer slik den burde. Og ønskjer seg betre og meir målretta tiltak.

Vi er heilt einige i at utslepp skal koste. Men det er dei som forureinar som må betale, ikkje vi som ryddar, seier ho.

Publisert 15.07.2024, kl. 05.20

Read Entire Article