Meiner Frosta-legen kunne vore stoppa 16 år tidlegare

2 months ago 21


Tysdag blei det klart at den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta er tiltalt for valdtekt av 88 kvinner.

Valdtektene skal ha skjedd under medisinske undersøkingar i perioden 2004 til 2022.

Allereie i 2006 varsla nokre av kvinnene om legen.

Statens helsetilsyn gav legen ei åtvaring.

Bjørn Øglænd seier Helsetilsynet aldri prata med kvinnene som varsla.

– Hadde dei prata med kvinnene ville saka truleg ha enda annleis i 2006, seier Øglænd.

Øglænd arbeidde i Statens helsetilsyn mellom 2017 og 2023. Delar av tida som fagsjef.

– Tilsynsmyndigheitene kunne og burde ha stansa legen allereie da.

Erlend Hjulstad Nilsen er forsvarar for Arne Bye. Han har ikkje hatt moglegheit til å kommentere påstandane.

– Vi finn grunn til å understreke at det ikkje finst dom i saka og at tiltalte skal bli sett på som uskyldig inntil retten eventuelt finn det motsette bevist, sa Hjulstad Nilsen til NTB på tysdag.

Den tiltalte har heile vegen nekta straffskyld.

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Arne Bye har heile tida nekta straffskyld. Han er no tiltalt for å ha valdtatt 88 kvinner.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Fekk åtvaring i 2006

Vinteren 2006 blei ein skriftleg bekymringsmelding sendt til Statens helsetilsyn.

Tre kvinner fortalde at den tidlegare kommuneoverlegen hadde brukt utradisjonelle gynekologiske undersøkingar.

I varselet fortalde kvinnene at fastlegen hadde tilbydd klitorismassasje på grunn av «jomfrukjertlar» i underlivet.

Helsetilsynet konkluderte året etter med å gi legen ei åtvaring.

Dei meinte kommuneoverlegen hadde brote paragraf fire i helsepersonelloven om fagleg forsvarleg verksemd.

bjørn Øglænd

Øglænd har også skrive om varsla i boka «Håndbok i risikoreduksjon: Hvordan lære etter uønskede hendelser i helse- og omsorgstjenestene».

Foto: Privat

Bjørn Øglænd meiner Helsetilsynet ikkje gjorde nok for å undersøke saka i 2006.

Dei las sakspapira og konkluderte med at legen ikkje hadde handla i tråd med god fagleg praksis.

– Varsla er såpass grove at ein skal ha god tru på denne legen for ikkje å gå djupare inn i saka.

Øglænd trur Arne Bye ville ha blitt stansa dersom Helsetilsynet hadde snakka med dei tre kvinnene.

– Ja, det trur eg. Det ville ha vore mange moglegheiter for å stanse han da. For eksempel at han ikkje fekk gjennomføre gynekologiske undersøkingar aleine.

– Tilsynsmyndigheitene kunne og burde ha stansa dette i 2006.

Frosta kommune

Frosta kommune har omtrent 2600 innbyggarar. Mange av disse hadde Arne Bye som fastlege.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

NRK har kontakta Statens helsetilsyn med påstandane Øglænd kjem med.

Juridisk direktør, Anders Haugland, seier Helsetilsynet i ettertid av varselet har arbeidd for å forbetre sine rutinar.

Les heile Helsetilsynet sitt svar i faktaboksen under:

Blei bedd om å prate med varslar

I 2017 varsla ein anna av legen sine pasientar. I varselet fortel ei ung kvinne at ho drog til fastlegen for å sjekke ein kul på handleddet.

Under legetimen skal legen ha tatt henne nedover ryggen, på rumpa og låret.

I klagen skreiv kvinna at «Eg kan trygt seie at eg ikkje er den einaste som har følt seg ubekvem etter legebesøk hos denne fastlegen».

Klage på fastlege

Da kvinna varsla i 2017 blei det bestemt at saka ikkje skulle bli sendt vidare til Helsetilsynet.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

Klagen blei aldri sendt vidare til Statens helsetilsyn. I staden oppretta fylkesmannen ein såkalla «lokal avklaringssak».

I tillegg oppmoda dei legen til å ha ein «oppklarande samtale» med kvinna.

Øglænd reagerer på at fylkesmannen ikkje sende saka vidare til Helsetilsynet.

Det er litt det same som om ein har ein partnar som banker opp kona si, og så seier politiet «kan ikkje du berre snakke litt med henne, så slepp vi å gå inn i saka.»

– Det er jo heilt hinsides.

Øglænd seier denne måten å løyse saker på kan vere fornuftig i visse samanhengar, men eignar seg dårleg når det handlar om seksuelle overgrep eller upassande åtferd.

– I tillegg eignar det seg dårleg når saka gjeld ein lege tilsynsmyndigheitene tidlegare har vore borti nokre år tidlegare.

– Dei kan ikkje ha henta fram den gamle saka. Hadde dei det ville saka ha blitt sendt vidare til Helsetilsynet.

NRK har kontakta Statsforvaltaren i Trøndelag om Øglænd sine påstandar.

Noverande fylkeslege i Trøndelag, Jan Vaage, seier fylkesmannen burde ha føretatt ein samtale med kvinna som varsla. Han seier dei har endra korleis slike saker blir behandla og at saka truleg ville ha blitt behandla annleis i dag.

Les heile svaret frå fylkeslegen i faktaboksen under.

Publisert 21.09.2024, kl. 19.54

Read Entire Article