Meiner dette EM-grepet avslører Uefa: – Ein blir jo oppgitt

2 days ago 22


Viss du har sett ein EM-kamp i sommar, har du truleg lagt merke til dei store merkenamna som pregar reklameskilta og TV-sendingane.

Dette er naturlegvis veldig god «business» for Det europeiske fotballforbundet Uefa, som reknar med at meisterskapen kjem til å generere over 2,4 milliardar euro i inntekter, hovudsakleg frå TV- og sponsoravtalar.

Men i ein fersk rapport går Play the Game, ein organisasjon som jobbar for transparens og demokrati i internasjonal idrett, nådelaust til verks når dei skal beskrive Uefas val av sponsorar.

Sår tvil om Uefas truverd

Særleg dei kinesiske selskapa Alipay, BYD, AliExpress og Vivo, og dessutan VisitQatar, får hard medfart.

«Nokre av desse sponsorane skaper alvorleg bekymring og sår tvil om Uefas truverd og etiske standardar», heiter det i rapporten.

Stanis Elsborg

GRANSKA EM-SPONSORANE: Stanis Elsborg i Play the Game.

Foto: Thomas Søndergaard / PlayTheGame

NRK har tilbydd dei fem namngitte selskapa å kommentere kritikken mot dei, men har foreløpig ikkje fått svar.

«Sponsorane blir knytte til eit breitt spekter av omstridde spørsmål, som påstandar om arbeidsmisbruk av uigurar, pornografisk innhald for mindreårige til ulovleg subsidiering, politisk innblanding og grunnleggande menneskerettsbrot», skriv dei vidare.

– Overraska meg

Stanis Elsborg er mannen som står bak rapporten. Overfor NRK slår han fast at funna han gjorde tok han på senga.

– Det overraska meg kor mange problematiske saker som er knytt til spesielt dei kinesiske sponsorane ved årets EM, og at Uefa meir eller mindre ser ut til å ha vendt det blinde auget til, seier han til NRK.

 EM kryr av store stjerner, som merkenamn betaler dyrt for å bli assosiert med.

STJERNETUNGT: EM kryr av store stjerner, som merkenamn betaler dyrt for å bli assosiert med.

Foto: AFP

I rapporten skriv han at «lista over EM-sponsorar reiser kritiske spørsmål om Uefas etiske vurdering av partnarane deira».

Elborg meiner at etiske omsyn tilsynelatande ikkje har spelt noka stor rolle i forhandlingsromma der avtalane blei inngått.

– Uefa tener gode pengar på desse avtalane. Er det ikkje forståeleg at dei vel dei partnarane som betaler best?

– Ja, det kan ein seie viss Uefa hadde vore ein rein kommersiell aktør. Men Uefa er ein medlemsorganisasjon som må leve opp til verdiane dei hevdar å representere. Eg har vanskeleg for å sjå for meg at Uefa ikkje kan finne sponsorar som i større grad reflekterer organisasjonens eigne proklamerte verdiar, spesielt for ein av dei mest ettertrakta sponsorplassane i sportsverda, seier han.

 Dei kinesiske sponsorane har vore godt synlege i EM.

PREGAR REKLAMEPLAKATANE: Dei kinesiske sponsorane har vore godt synlege i EM.

Foto: AP

– Blir jo oppgitt

Han reagerer særleg på at Uefa aksepterer slike sponsoravtalar når dei i 2022 inngjekk ein avtale med EU-kommisjonen om å «promotere europeiske verdiar gjennom krafta i fotballen».

– Det sender eit signal om at organisasjonen prioriterer profitt framfor etikk og menneskerettar, noko som undergrev truverdet deira, meiner han.

Vegard Arntsen, som er dagleg leiar i Sponsor Insight, har lese rapporten frå Play The Game.

Han stussar over det som kjem fram.

– Ein blir jo oppgitt over at såpass store aktørar som Uefa ikkje kan vere villig til å avstå frå nokre millionar for å ha det moralske kompasset intakt. Det er jo lovlege selskap som sponsar EM, og sånn sett kan ein ikkje ta dei på det, men her i Noreg har vi eksempel på at ein har tatt etiske val og sagt nei til den typen aktørar. Ein kunne jo hatt eit håp om at Uefa ville gjere det same.

 Uefas val om å knyte til seg kontroversielle sponsorar er omdiskutert.

FÅR KRITIKK: Uefas val av sponsorar er omdiskutert.

Foto: AP

– Play the Game skuldar Uefa for å ha valt profitt over etikk. Synest du den påstanden held vatn?

– Ja. For det er jo heilt klart at desse selskapa har vore villige til å betale meir enn nokon andre. Og det manglar jo ikkje på bedrifter som er interesserte i å vere assosierte med eit fotball-EM. Og dei selskapa, som ikkje nødvendigvis er så attraktive å få inn som EM-sponsorar, dei må betale litt meir for å komme seg inn. Da kan det hende at det blir så stor økonomisk differanse at Uefa rett og slett ikkje føler at dei har noko val.

– Men er det ikkje forståeleg at Uefa vil velje dei som gir mest pengar?

– Jo, det er det. Men samtidig er jo ikkje Uefa ein organisasjon med private eigarar som er ute etter maksimal profitt. Det er jo ein organisasjon for fotballen i Europa, og dei pengane skal berre brukast om att på fotballprodukt. Det hadde nok vore i heile Fotball-Europas interesse å seie «vi klarer oss med litt mindre, berre vi har moralen på plass».

Uefa: – Vi er ikkje ein politisk aktør

NRK har lagt fram kritikken for Uefa, både frå Play the Game-rapporten og frå denne saka.

I ein e-post svarer dei slik:

– Vi i Uefa aksepterer fullt ut samfunnsansvaret vårt slik det er fastsett i strategien vår for miljø og sosial styring. Vi er likevel ein organisasjon for fotballforbund og ikkje ein politisk aktør. Uefas landslagskonkurransar og spesielt EM er globale hendingar som blir følgde av fans over heile verda og tiltrekker seg derfor òg merkevarer som når ut til eit globalt publikum, skriv Uefa.

Les heile tilsvaret deira her:

NRK viser sponsorane

NRK-sendingane har òg fleire gonger under EM vist fram sponsorane som får kritikk i Play the Game-rapporten.

NRKs sportsredaktør Espen Olsen Langfeldt fortel at mediehuset ikkje har noko val.

Vi er forplikta gjennom rettsavtalen med Uefa til å vise sponsorplakatane deira. Vi undersøkte tidleg med UEFA om vi sjølv kan vurdere kven vi vil eksponere, og har fått avslag, så lenge marknadsføringa er tillatne i samsvar med norsk lovgiving. Det er òg viktig å understreke at NRK ikkje får sponsorbidrag for denne eksponeringa, seier Olsen Langfeldt.

Play the Game-Elsborg er spent på fortsettinga.

På spørsmål frå NRK om han trur Uefa tar kritikken til seg og knyter andre typar sponsorar når EM skal spelast om fire år, svarer han slik:

– Det ville vore gledeleg, men eg ser ikkje at det skjer med det første. Vi er likevel opne for dialog med Uefa om korleis dei kan inkludere etiske omsyn i det framtidige arbeidet sitt. Det er behov for det, ikkje berre hos Uefa, men òg hos mange andre av organisasjonane til idretten, meiner han.

Vegard Arntsen i Sponsor Insight fryktar at Uefa, ved å velje kontroversielle sponsorar, set seg i ein vanskeleg posisjon før kommande meisterskap.

– Eg trur nok andre store merkenamn kanskje vil stille seg spørsmål om dei vil bli assosierte med dei andre selskapa som står på sponsorlista. Så det er jo eit potensielt problem. Uefa får fort sjølvforsterkande behov for denne typen sponsorar. Fordi at ein eigentleg har gjort avstanden til dei andre moglege sponsorane litt større, seier han.

Publisert 04.07.2024, kl. 20.54

Read Entire Article