Meiner dei har funne skipet som var årsaka til stort utslepp

1 month ago 9


Det var onsdag førre veke at brannvesenet først fekk fleire bekymringsmeldingar om store teppe med kvite, voksliknande klumpar som blei skyldte inn på strendene i Bamble.

No trur Sjøfartsdirektoratet dei har funne syndaren.

  • Slik så deler av stoffet ut onsdag.

    Slik så deler av stoffet ut onsdag.

    Foto: Jan-Olaf Kristoffersen / Bamble kommune
  • Bildet viser fjæra med steiner som stikker opp av vannet. Det ligger et hvitt belegg i vannskorpen.

    Deler av vokssølet dokumentert av Bamble kommune

    Foto: Jan-Olaf Kristoffersen / Bamble kommune
  • Hvitt stoff ligger i vannkanten på stranden blant sjø, tang og tare.

    Her ser ein det kvite voksliknande stoffet liggja i sjøen.

    Foto: Fredrik Hansen
  • Hvite prikker fra vokslignende stoff i fjæra i Bamble.

    Her ser ein det kvite voksliknande stoffet liggja i sjøen.

    Foto: Fredrik Hansen / NRK
  • Bilde fra Bamble-kysten tatt fra flyet til Kystverket.

    Bilde av Bamble-kysten tatt fra flyet til Kystverket.

    Foto: Kystverket

Undersøkt av ekspertar

Det var særleg i området ved Hydrostranda og Ivarsand utsleppet blei observert.

Brannvesenet rykte straks ut for å sikre prøver av det då ukjende stoffet.

Det blei blant anna sendt ut drone for å få oversikt over omfanget, som etter kvart viste seg å vere relativt stort.

Nærare undersøkingar avdekte at det sannsynlegvis dreidde seg om palmeolje. Stoffet er ikkje farleg for menneske, men kan gå utover fuglar.

Det er heller ikkje anbefalt å gå i, og før helga anbefalte kommunen blant anna hytteeigarar om å halde seg borte frå områda som blei ramma av utsleppet.

Jan Kristoffersen sitter på en kontorstol foran et vindu. I bakgrunnen står det en pult med dataskjermer.

Jan Kristoffersen, spesialrådgivar i interkommunalt utval mot akuttforureining (IUA) Telemark.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

– Vi har ingen grunn til å tru at dette er farleg, men ber likevel folk om ikkje å trakke oppi det fram til vi er heilt sikre på kva dette er, sa Jan Kristoffersen til NRK før helga.

Han er spesialrådgivar i interkommunalt utval mot akuttforureining (IUA) Telemark.

Bamble kommune har dei siste dagane jobba med å fjerne så mykje som mogleg av utsleppet som har hamna på land.

Kan få konsekvensar

Sjøfartsdirektoratet blei varsla om hendinga, og no meiner dei altså at rett skip er lokalisert.

Eigarane skal ha erkjent at det kan vere skipet deira, og beskrive hendinga som eit uhell.

Direktoratet har gjennomført tilsyn om bord i det aktuelle skipet, og hatt dialog med både mannskap og reiarlag.

– Dei har nok handla i god tro, seier kommunikasjonsrådgivar i Sjøfartsdirektoratet, Marit Nilsen.

Ho opplyser at dei tek saka alvorleg.

bilde av Marit Nilsen i Sjøfartsdirektoratet

Marit Nilsen, Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Vi har samla informasjon om skipet, og tatt prøver av både utslepp og last.

Utsleppet kan få konsekvensar for eigarane.

– Juristane våre vurderer no om det blir aktuelt å gi dei eit straffegebyr for forureining, seier ho til NRK.

Nilsen opplyser at skipet i utgangspunktet har lov til å reingjere tanken og sleppe ut vaskevatn til havs, men at mengda er problemet i dette tilfellet.

– Her har det komme med mykje ekstra, som absolutt ikkje skulle blitt sleppt ut. Dette må vi følgje opp vidare for å sjå kva som har skjedd, seier Nilsen.

Publisert 14.10.2024, kl. 13.47

Read Entire Article