Meiner datasenter ved stålverk er «keisarens nye klede»

4 months ago 31


– Det er lova ei rekke arbeidsplassar, men vi vil ikkje ha nokon som helst kontroll på kva datasenteret skal brukast til, seier Einar Jacobsen.

Han er ein av fleire hundre som har skrive under eit opprop til kommunen om å seie nei til datasenter der det nedlagde stålverket ligg på Jørpeland i Strand.

I ei avstemming i lokalavisa Strandbuen svarte 76 prosent at dei ikkje vil ha datasenter.

– Mest sannsynleg blir det svært lite, for datasenter genererer veldig få arbeidsplassar, seier Jacobsen.

Einar Jacobsen

Einar Jacobsen er med i Facebook-gruppa «Nei til datasenter i Jørpeland sentrum». Laurdag samla fleire av dei seg på torget på Jørpeland for å markere sitt syn.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Lovar minst 50 arbeidsplassar

I ønska til Green Mountain ligg to datasenter på til saman 88.000 kvadratmeter. Det einaste dei vil seie om kunden, har dei sagt om andre før: Eit av verdas topp 20 teknologiselskap, ikkje asiatisk.

Kunden vil flytte inn i 2026. Derfor vil Green Mountain starte arbeid medan kommunen får på plass ein ny reguleringsplan.

Det første datasenteret vil dei bygge på Grøtnes, området ved sida av stålverket. Arbeidet vil dei vurdere å begynne på sjølv om reguleringa ikkje skulle gå deira veg seinare.

Politikarane skal onsdag denne veka ta stilling til om planane skal sendast på høyring.

At tomta allereie er regulert til næring, tel positivt, seier Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth.

– Vegen til mål ville vere kortare. Det var derfor vi begynte å sjå på Jørpeland. Og næring var ei ønska utvikling for politikarane, seier han.

Hagaseth seier det kjem til å bli minst 50 arbeidsplassar ved det første datasenteret.

Datasenter nummer to er det førebels ingen kunde til, men Green Mountain vil ha moglegheita til å utvide med tida.

Trur spillvarme kan bli basseng

Nestleiaren i Naturvernforbundet i Strand Rune Folkvord meiner energibruken til eit datasenter er bortkasta.

– Den energien blir berre til varmt vatn som går rett på havet. Og da kjem kravet om utbygging av enten vasskraft eller vindkraft. Naturen toler ikkje meir av det i dag, seier Folkvord.

Rune Folkvord

Nestleiaren i Naturvernforbundet i Strand Rune Folkvord har jobba i Lyse og «bygd dammar og øydelagd mykje natur», som han seier. Men han har endra meining.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Han har ikkje tru på planane.

– Det blei sagt i dag at dette er «keisarens nye klede». Politikarane blir fortalt dei skal få ditt og datt, og så får dei ingenting til slutt. Så går dei nakne rundt, seier han.

Spillvarmen frå datasenter kan bli brukt til noko godt, meiner fleire. Næringsforeininga og Roald Tvedt i lokalstyret for Ryfylke er blant dei som er positive til planane.

– Det er for eksempel mykje lettare å få bygd eit basseng viss ein har varme, seier han.

Korleis hadde du stilt deg til datasenter på din heimplass?

Meiner det ikkje er demokratisk

Tvedt meiner datasenter er ein industri for framtida.

– Datasenter er kritisk infrastruktur. Stålverket har tent oss godt, men det er sannsynlegvis ingen som vil bygge eit nytt stålverk. Vi tenker dette er viktig for kommunen. Det er ein myte at det ikkje blir skapt arbeidsplassar, seier han.

Også Tvedt trekk fram at området allereie er regulert til næring.

Markering mot datalagringssenter på Jørpeland i Strand kommune

Fleire hundre har skrive under på eit opprop til Strand kommune. Meir enn 1000 er med i Facebook-gruppa «NEI til datasenter i Jørpeland sentrum!». Laurdag samla fleire seg for å markere motstand.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Folkvord i Naturvernforbundet meiner på si side at heile prosessen, der Green Mountain på eigen risiko vil starte før endeleg regulering er på plass, ikkje er slik han burde vore.

I praksis er det ei intensjonsavtale. Det er jo ikkje demokratisk. Vår oppfatning er at mange avgjerdshavarar ikkje veit og forstår kva det dreier seg om, seier han.

Stålverket på Jørpeland i Strand kommune

For den hemmelege kunden, «eit av verdas topp 20 teknologiselskap, ikkje asiatisk», vil Green Mountain bygge datasenter ved sida av stålverket. I framtida vil dei vurdere å utvide med eit datasenter til der delar av stålverket ligg i dag. Stålverket var ein hjørnesteinsbedrift frå 1912.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Publisert 04.06.2024, kl. 12.41

Read Entire Article