Marc vil ete lunsjen sin åleine

4 months ago 29


– Nokon dagar er eg ganske sliten i hovudet. Då treng eg å sitte åleine for å samle krefter, seier Marc Dudley.

Men er det innafor å sitte åleine i lunsjen på jobb?

– Det er noko tabu over det. Så eg tar gjerne fram telefonen for å vise at eg jobbar, men eg synest eigentleg det er på tide at dei som vil ete åleine for lov til å ete åleine, seier han.

Frustrasjonen har resultert i eit innlegg på LinkedIn. Og det viser seg at han ikkje er den einaste som vil vere i fred i lunsjen.

Skjermdump fra Marc Dudley sin Linkedin-profil

Marc Dudley har fått mange reaksjonar på innlegget om lunsjpause på LinkedIn. Skjermdump frå 3. juni 2024, kl. 20.23.

Foto: Skjermdump

– Eg har fått mange tilbakemeldingar og trur det er mange som har lyst til å ete åleine, men som ikkje gjer det, seier han.

Alle ladar ulikt

Det er kanskje ikkje så rart.

– Vi har jo fått eit arbeidsliv der ein har jobba godt og fått veldig fokus på einsemd, inkludering og fellesskap. Så kan det jo hende at kollegaer blir bekymra om du sit åleine heile året, seier Maria Kivijärvi Heggen.

Maria Heggen

Seniorkonsulent i Bjørnson Organisasjonspsykologene, Maria Kivijärvi Heggen.

Foto: Bjørnson Organisasjonpsykologene

Ho er seniorkonsulent i Bjørnson Organisasjonspsykologene og rår alle til å snakke om kva ein treng i lunsjen for å ha det godt på arbeidsplassen.

Og det kan vere sosialisering, åleinetid eller ein tur i frisk luft.

For eigentleg handlar det om å lade batteria, og der er vi jo ulike, meiner Heggen.

Korleis er den perfekte lunsjpausen for deg?

Generelt sett seier vi kanskje at introverte ladar batteria meir når dei er åleine, medan ekstroverte treng det sosiale fellesskapet. Men vi må ikkje sjå oss blinde på desse to grupperingane i samfunnet. Vi har meir variasjonar enn ein gjeng med introverte og ein gjeng med ekstroverte, seier Heggen.

Tenker på ingenting

Dudley jobbar i HR-avdelinga til SR-bank i Stavanger. Kantina innbyr til sosialisering med kollegaer.

Rundt eit firemannsbord sit Silje Volle, Lene Bø og Emilie Knutsen Hegdal og snakkar om alt frå fag, til kva planter dei skal ha i det høge blomsterbedet.

Sosialisering i lunsjen er viktig for damene.

– Det er veldig hyggeleg å snakke om ting som er litt utanfor jobb. Og så er det godt å komme seg vekk frå dataskjermen, seier Emilie Knutsen Hegdal.

Lene Bø og Emilie Knutsen Hegdal

Lene Bø og Emilie Knutsen Hegdal likar å vere sosiale i lunsjen.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Så finst det også lange smale bord med høge krakkar og utsikt ut av vindauget. Dudley tar gjerne plass her når han vil ete åleine. Men kva gjer han eigentleg i lunsjen då?

– Dei dagane eg er veldig sliten, sit eg berre og tenker. Eigentleg på ingenting. Eg berre ser ut av vindauga, seier Dudley.

Og det er gjerne då dei beste idéane kjem.

– Så tar eg dei med meg vidare i arbeidet.

Publisert 07.06.2024, kl. 11.42

Read Entire Article