Mann knuste skulptur på utstillingsopning i Italia

2 months ago 19


Ein mann har knust ein skulptur av den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei under utstillingsopninga i Bologna i Italia, melder Reuters.

Overvakingsbilete viser at ein mann dytter skulpturen «Porselenskube» over ende, knuser han og held ein bit over hovudet.

Kuratoren for utstillinga, Arturo Galansino, seier gjerningsmannen er velkjend i kunstverda.

– Han har gjort fleire liknande handlingar dei siste åra ved ulike utstillingar og institusjonar i Firenze.

Mannen skal ha blitt teken hand om av politiet etter at han blei stoppa av museumsvaktene.

Read Entire Article