– Dei er ikkje så veldig store, men dei er som vi seier på Sørlandet «veldig nudelige».
Det seier Magnus Jakobsen mens han plukkar nokre små larvar frå eit plastbeger. Larvane skal leggast langs veggene på Fredriksten Festning i Halden.
Jakobsen er Noregs einaste oppdrettar av trua insektartar. Dei siste fire åra har han jobba med oppdrett av kanskje Noregs mest trua insektart, klippeblåvingen.
– At vi i det rikaste landet i verda skal la ting døy ut mens vi sit og ser på har eg inga forståing for.
- Naturen kan vere brutal. Det fekk mange erfare mens dei såg realityserie om ørn.
Nesten utrydda
Langs festninga blir det lagt ut nesten 100 larvar som forhåpentleg skal bli fullverdige klippeblåvinger neste sommar.
Sidan oppstarten i 2021 har bestanden vakse frå nokre dusin til det tidobla.
I skrivande stund har Jakobsen rundt 600 egg som potensielt kan klekkast i framtida.
– Klippeblåvingen er ein del av biokapitalen vår, og akkurat som kulturell kapital krev det at vi tar vare på han. Viss ikkje blir faktisk verda litt fattigare, seier Jakobsen.
Klippeblåvingen var vanleg mange stader i Noreg fram til 1970-talet. Da sterk nedbør og utbygging slo i hel store delar av bestanden. I dag finst han berre naturleg i Halden kommune.
Han har tidlegare også blitt funnen i Tvedestrand, men er ikkje sett der på mange år. Den gongen gjorde funn av sommarfuglen at eit større hytteprosjekt blei stansa.
Allereie i 2012 blei det begynt med teljing av egga til klippeblåvingen for å følge utviklinga i bestanden.
Sårbar for vêr
Per Johan Salberg er seniorrådgivar i Miljødirektoratet og har vore ein støttespelar for Jakobsen sitt prosjekt. Han fortel om store variasjonar i bestanden.
– Han er veldig sårbar for variasjonane i vêr mellom sesongane. Eit par dårlege sesongar kan slå ut arten fullstendig, seier Salberg.
På grunn av den store usikkerheita rundt bestanden, meiner han liknande prosjekt er viktige for å kunne bevare artar.
– Dessverre er det slik at for mange artar må ein avle dei fram fordi bestanden har blitt så liten.
– Moderne miljøvern
Jakobsen sitt arbeid for klippeblåvingen har også fått merksemd. Saman med NRK denne regntunge dagen er også fotograf Pål Hermansen og biolog Markus Lindholm.
Dei skriv bok om sommarfuglar, og meiner han har redda klippeblåvingen i Noreg.
– Det er så kult. Det Magnus driv med er heilt i støyten på kva moderne miljøvern handlar om, seier Lindholm.
Korleis larvane som blir slopne ut denne sommaren klarer seg er usikkert, men resultata vil dei sjå allereie neste sommar.
– Vi håpar dette er begynninga på ein ny måte å forvalte trua insekt på, seier Jakobsen.
- Lysten på meir stoff om flygande insekt? Her er historia om Mariken og jakta hennar på naglespinnaren.
Publisert 23.07.2024, kl. 16.17