Må kutte over 50 millionar – vurderer å gje blaffen

3 days ago 5


– Vi vil kanskje hamne på Robek-lista i løpet av 2025, men vi har planar for å unngå det, seier ordførar i Vestre Toten kommune, Tonje Bergum Jahr (Ap).

Fleire av politikarane i Vestre Toten har fått nok. Gjennom dei siste åra har kommunen kutta opp mot 100 millionar kroner og nå står dei overfor nok ei kuttrunde.

Under den politiske behandlinga gjennom hausten har fleire politikarar ytra at dei har nådd ei grense. No vil dei sende ei klar melding til rikspolitikarane om at dette ikkje går lenger.

– Anstrengt økonomi

Ordføraren stadfester utsegna, og forstår frustrasjonen til sine politikarkollegaer.

– Vi blir stadig bedt om å gjere fleire oppgåver, men dei er ikkje finansiert opp. Vi må bruke dei pengane vi har, men nå står det skralt til, seier Bergum Jahr.

  • Trysil kommune har fått eit skikkeleg drittproblem. Les heile saka her:

Ho vil sjølv jobbe for å vedta eit ansvarleg budsjett.

– Men økonomien vår er anstrengt.

Det er fleire årsaker til at Toten-kommunen har hamna i økonomisk uføre, ifølgje ordføraren.

  • Fondsmidlane er snart brukt opp.
  • Kommunen har gjort store investeringar dei siste åra og renta på låna har auka.
  • Prisvekst, mindre skatt, og ingen kraftinntekter å spele på.
  • Fleire lovpålagde oppgåver utan å få ekstra pengar.

Budsjettkutt-kommuner

Politikarane i Vestre Toten må ta nokre tøffe prioriteringar i årets budsjett.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Vil ha diskusjon

No har alle tenesteområda i kommunen fått beskjed om å sjå på kva dei kan gjere av kutt og omstillingar. Kommunen må spare inn 50 millionar kroner.

– Det er mange kommunar som slit i Noreg i dag. Når så mange slit tenker eg vi må ta debatten om kven som skal betale for det som blir bestemt. Dei oppgåvene som vi får blir ikkje finansiert opp. Da er det noko feil på systemnivå, seier Bergum Jahr.

Verste situasjon sidan 1987

Styreleiar i Kommunesektorens organisasjon (KS), Gunn Marit Helgesen, fortel at situasjonen for kommuneøkonomien er særs alvorleg.

– Det er den mest krevjande økonomiske situasjonen vi har hatt i Kommune-Noreg sidan 1987. Når regjering og Stortinget lover fleire tenester, så følger ikkje pengane med, seier Helgesen.

Gunn Marit Helgesen

Kommuneøkonomien i Noreg er særs alvorleg opplyser Gunn Marit Helgesen i Kommunesektorens organisasjon (KS).

Kommunane har spesielt stort overforbruk på pleie og omsorg, samt store ekstrakostnader i sosialhjelp, fortel ho.

– Det ser tøft ut for mange kommunar. Vi håper det ikkje blir mange nye kommunar på Robek-lista, men det er fleire som risikerer å hamne der, seier Helgesen.

Går mot dramatiske kutt i Lillehammer

Det er ikkje berre Vestre Toten som står overfor tøffe prioriteringar og kutt. Også OL-byen Lillehammer må kutte over 100 millionar kroner i åra framover.

Nokre av dei som kan bli hardt ramma er fotballklubben Lillehammer FK. Eit av forslaga i Lillehammer er å slå av varmen på fotballbana på Stampesletta i vinter.

Det vil spare kommunen for 400.000 kroner kvart år.

– For vår del vil det vere dramatisk. Stampesletta er i bruk frå morgon til kveld og eg vil anslå at 2000 personar bruker bana. For lokal folkehelse og aktivitet vil dette få store konsekvensar, seier Jostein Wahl, dagleg leiar i Lillehammer FK.

Budsjettkutt-kommuner

Eit av kuttforslaga i Lillehammer er å skru av varmen på fotballbana i vinter. Det liker Oda Hov og Jostein Wahl særs dårleg.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Han fortel at alternativa for dei blir å reise til Moelv, Raufoss, Brumunddal eller Vinstra for å få trene fotball i vinter – ein avstand på fleire mil ein veg.

– Vi har forståing for at det er krevjande kommuneøkonomi, men dette kom brått på oss og for vår del er det ingen alternativ, seier Wahl.

Håper politikarane snur

Kaptein på damelaget, Oda Hov, fryktar at fleire av lagvenninnene vil slutte.

– Det blir økt reiseveg og det vil ta lengre tid. Eg trur vi blir mindre motiverte og det vil føre til meir fråfall, seier Hov.

Nå håper ho at politikarane ikkje stemmer for kuttforslaget.

– Det er jo dumt. Det er ikkje berre Lillehammer som blir råka, også naboklubbane rundt bruker anlegget, seier Hov.

Ho håper anlegget held ope i vinter sidan dei er ein god vennegjeng som spelar saman og har det morosamt.

Budsjettkutt-kommuner

Oda Hov trur fleire kjem til å slutte om dei må reise langt i vinter for å spele fotball.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Tøffe budsjettforhandlingar

– Vi står i ein situasjon som er vanskeleg, slik som resten av Noreg, seier ordførar i Lillehammer kommune, Hans Olav Sundfør (H).

Han fortel at kommunens kostnader aukar mest på helse- og omsorg, samt helsekostnader til yngre innbyggjarar.

– Vi ser at oppgåvene veks, samtidig som budsjettet ikkje gjer det. Vi må levere best mogleg tenester med dei pengane vi har, men det er viktig at vi får pengar som samsvarer med dei oppgåvene vi skal løyse, seier Sundfør.

budsjettkutt-201124

Ordførar i Lillehammer kommune, Hans Olav Sundfør (H).

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Ordføraren meiner at dei har ein kontrollert økonomi, men når dei skal kutte 100 millionar kroner så får det konsekvensar.

– Vi leiter etter kutt i alle deler av kommunen og det er ein del tiltak som er mogleg å justere. Vi må likevel vege det opp mot andre gode tiltak, seier Sundfør.

Harde budsjettforhandlingar

Han fortel at fotballklubben gjer ein utmerkt jobb for barn og unge.

– Vi sparer 400.000 kroner med å skru av varmen, men vi vil sjå på moglegheiter for å endre dette, seier Sundfør.

Varaordførar i Lillehammer kommune, Jytte Sonne (KrF), fortel at å slå av varmen på Stampesletta er berre eit av forslaga som er lagt fram.

– Vi har store utfordringar, blant anna med ein verdig omsorg for dei som treng det, men også for alle som står utanfor arbeidslivet, seier Sonne.

Ho fortel at dei er i budsjettforhandlingar nå.

– Å ha ei oppvarma fotballbane i Lillehammer vinterstid er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men det er eit forslag vi ikkje liker, seier Sonne.

  • Landslagsprofil kjøpte småbruk i Bøverdalen for 8 millionar kroner. Les heile saka her:

– Robek er svartelista

Tord Willumsen frå Østlandsforskning trur signalet frå kommunane svir for finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Kommunane er sultefora og dei får ikkje nok pengar frå staten til å klare dei oppgåvene dei er sett til å løyse. Av ein eller annan grunn har Vedum enda opp med å bli Sp-leiaren som sulteforer kommunane, seier Willumsen.

Han peiker på at Robek også er kjent som svartelista for kommunar over egen økonomi.

– Da hamner dei under statleg styring og Statsforvalteren må godkjenne kvar gang dei tek opp lån og sett i gang leigeavtale. Kommunen må også legge ein plan for å få økonomien i orden igjen, seier Willumsen.

Valforskar Tord Willumsen ser i kamera med raudburgunder skjorte på. Han smiler.

Valforskar Tord Willumsen

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Han trur det kan bli vanskeleg for kommunane å kome seg i riktig retning igjen med dei verktøya dei har.

– Kommunane har ikkje store inntektsmoglegheiter utover det dei får frå staten, seier Willumsen.

– Det er ikkje heilsvart

Sjølv om det er dystre økonomiske utsikter har både kapteinen på Lillehammer og ordføraren i Vestre Toten håp om at det kan snu.

– Eg er jo ein optimist. Stadig fleire flytter til kommunen, vi har gjort store investeringar, og vi får fleire arbeidsplassar. Så det er jo ikkje heilsvart, seier Bergum Jahr.

Budsjettkutt-kommuner

Ordføraren håper at dei skal unngå å kome på Robek-lista og at ikkje alt er heilsvart.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Publisert 22.11.2024, kl. 05.39

Read Entire Article